Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Shakespeare viktigare enn Aasen i norskfaget?

 (27.01.2012)

Norskfaget skal reviderast - og slankast, fordi elevar og lærarar klagar over at arbeidsbøra i norskfaget er altfor stor. Tysdag denne veka kom Utdanningsdirektoratet med nokre framlegg til kva som kan gjerast med faget: Det skal stillast ulike krav i hovudmål og i sidemål, og det skal ikkje lenger vera eigen karakter i sidemål. Av framlegga er det lett å lesa at direktoratet har tenkt å tone ned sidemålet i skulen.

Rett nok er det ikkje så rart om direktoratet føreslår at det skal stillast ulike krav i hovudmål og sidemål. I dag heiter det seg at elevane skal meistre begge målformer like godt. Men i skulekvardagen blir det stilt ulike krav, og framlegget er derfor berre ei stadfesting av dagens praksis.

Det forunderlege er derimot at Utdanningsdirektoratet ikkje har andre framlegg til korleis norskfaget kan strammast inn. Er det for eksempel norskfaget som skal ta ansvar for å presentere heile den europeiske idéhistoria frå renessansen til barokken, ei tid då det knapt fanst noko me kan kalle norsk litteratur? Kunne det ikkje tenkjast at noko av det låg til historiefaget - og til engelsk? Eit sentralt læreverk for Vg2 bruker til dømes 20 sider på stilretningar i Europa som rett nok fekk følgjer for norsk litteratur seinare. Til samanlikning står det i same verket éi side om arbeidet til Ivar Aasen og Knud Knudsen.

Utdanningsdirektoratet vil òg ta bort standpunktkarakteren i sidemål både i ungdomsskulen og i vidaregåande, og innføre éin standpunktkarakter. Det kunne gå an viss det var eksamen i begge målformer, men direktoratet føreslår at det berre skal vera eksamen i hovudmålet i ungdomsskulen - trekkfagseksamen. For vidaregåande føreslår direktoratet obligatorisk eksamen i hovudmålet og trekkfagseksamen i sidemålet. Me veit alle at karakterar styrer mykje av undervisninga i skulen. Sjølv om sidemålet skal telja med i standpunktkarakteren, er det nok mange lærarar som tonar ned undervisning i sidemålet dersom det ikkje kjem ein eksamen som «avslører» dei.

Det er viktig å vera klar over at framlegga kjem i eit brev frå Utdanningsdirektoratet til statsråd Halvorsen, og at dei skal ut på høyring. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen presiserer at ho ikkje vil ta stilling til alle framlegga frå Utdanningsdirektoratet no, men ber om innspel før ho skal leggje fram ny læreplan om eitt år. På eitt punkt var ho likevel klar i alle debattar i går: «Vi må styrke nynorsken blant dei som har nynorsk som hovudmål, og vi må gi dei som har nynorsk som sidemål, ei god grunngiving for kvifor dei skal lære nynorsk.»

Me som driv prosjektet Målstreken her i Valdres, har nokre tankar om kvifor mange elevar skiftar frå nynorsk hovudmål til bokmål. Det er her som i mangt anna lettast å følgje den store flokken. Viss nynorskelevar og bokmålselevar blir plasserte i same klasse gjennom grunnskuletida, og delte berre i norsktimane, får ikkje nynorskelevane den stabile språkopplæringa dei treng for å bli trygge i hovudmålet sitt. Viss dei knapt ser nynorsk på nettet eller i aviser som VG, Dagbladet og Aftenposten, får dei inntrykk av at hovudmålet deira ikkje kan brukast i samfunnet. Og viss dei heller ikkje har fått dei gode argumenta for kvifor dei skal halde på nynorsk, er det endå lettare å skifte.

> Kva er så dei gode argumenta for at alle skal lære både nynorsk og bokmål?

> Eigenverdi: Nynorsk er eit skrift-språk bygd på norsk talemål, og gjer deg til ein medviten språkbrukar om du lærer det skikkeleg.

> Fleirspråkverdi: Nynorsk og bokmål utgjer til saman det språket me kallar norsk. Ved å kunne bruke begge får du ein vidare horisont og ei større uttrykksevne enn om du berre kan det eine, og dess fleire språk du kan frå før, dess lettare lærer du nye språk.

> Kulturhistorisk innsikt: Gjennom å lære deg båe målformer, og bakgrunnen for at me har to målformer, får du ei kultur- og språkhistorisk innsikt som du elles går glipp av.

> Språkleg ferdigheit: Kunnskap om nynorsk setningsbygnad kan i stor grad overførast til bokmål og hjelpe deg til å skrive betre også på bokmål.

> Nytteverdi:Ved å kunne bruke begge målformer har du ein ekstra kvalifikasjon når du skal ut i arbeidslivet.

No er det vår oppgåve å sørgje for at desse argumenta når fram til kunnskapsministeren, og at ho ikkje følgjer framlegget frå Utdanningsdirektoratet om å fjerne sidemålskarakteren. Gjer ho det, svekkjer ho nynorsken i staden for å styrkje han, slik ho seier at ho vil.

Utdanningsdirektoratet vil òg ta bort standpunktkarakteren i sidemål både i ungdomsskulen og i vidaregåande, og innføre éin standpunktkarakter.

Aud Søyland
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no