Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

804 nye medlemer til Mållaget

 (03.02.2012)

Gruppeleiar i Bergen SV, Oddny Miljeteig, er storvervaren med snart 250 nyverva medlemer.

- Du køddar ikkje med språket mitt, seier Oddny Miljeteig. I går var ho på NRK Dagsrevyen og fortalde om korleis det heile starta.

Sjå heile innslaget hjå NRK Hordaland. Og etter innslaget vart sendt på fjernsynet, har det meldt seg endå fleire nye medlemer på nettsidene, på telefonen og på SMS-tenesta. Der du kan bli medlem med å sende NYNORSK til 2490.

Byrja med kjekke bokmålsgutar
- Eg gjekk heilt i kjellaren då denne saka vart kjend, at Utdanningsdirektoratet vil svekkje sidemålsordninga og dermed grunnlaget for den språklege jamstellinga mellom nynorsk og bokmål. Og framlegget vart heller ikkje skote ned av kunnskapsminister Kristin Halvorsen, som heller opna for ordskifte i saka, seier Oddny Miljeteig, gruppeleiar i Bergen SV.
- Eg vart forferdeleg mismodig. Eg har eit nært forhold til målsaka og nynorsken, og eg seier det slik at språket er ein del av identiteten vår. Men så var det nokre kjekke bokmålsgutar her på kontoret mitt som skjøna kva dette står om, og sa med ein gong at dei ville melde seg inn i Noregs Mållag, smiler Oddny Miljeteig.

Gryteklare
- Og då sende eg ut ei melding med oppmoding til nær sagt alle kontaktane i mobiltelefonen. Det synte seg at fleire hadde vore medlem i Mållaget i alle år, men det var også mange som var gryteklare og gjerne ville syne sin reaksjon på saka, seier Oddny Miljeteig.
- Det er mange som aldri har blitt spurde om å vere medlem i Mållaget. Og når dei fyrst får spørsmålet, seier dei ja.

Fellesprosjekt
Journalist Kjetil Gillesvik i VG sa til Oddny at dersom ho greidde å verve 100 medlemer, så skulle ho få ei heilside i VG.
- Eg tenkte at eg bør i allefall klare 50 medlemer, smiler Oddny Miljeteig, som i skrivande stund er komen opp i 249 medlemer. Ho fortel at det fleire damer som har hive seg med i vervearbeidet.
- Dei har grisla på. Det er nærmast som vi har hatt kaffibesøk på nettet. Dei har teke utfordringa mi vidare, og meldt tilbake om nye medlemer.

Fredag 3. februar vart det oppslag i VG - ei heilside om kor mange som er verva til Mållaget og at heile 50 % av SV-veljarane meiner at elevane bør få karakter i både hovudmål og sidemål.

Kjartan Helleve / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no