Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kunnskapsdepartementet har sendt svarbrev

 (08.02.2012)

I dag har Kunnskapsdepartementet svara på brevet frå Utdanningsdirektoratet, i tillegg har kunnskapsminister Kristin Halvorsen skrive debattinnlegg i VG, Kritisk for nynorsk.

Brevet frå Kunnskapsdepartementet gjer det klart at Kunnskapsdepartementet vil konkludere etter ei høyringsrunde hausten 2012.

Dette skriv Kunnskapsdepartementet om kompetansemål:
"Motivasjon og meistring er føresetnader for god læring, og elevane må oppleve opplæringa som relevant. Difor må kompetansemåla tydeleggjere språkkompetansen alle elevar skal oppnå i hovudmål og i sidemål. Det skal mellom anna vurderast om kompetansekrava til skriftleg hovudmål og sidemål kan vere ulike."

Dette skriv Kunnskapsdepartementet om vurdering av elevane:
"Ein må sjå alle endringar i læreplanen i samanheng med vurderings- og eksamensordninga i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Saman med framlegg om endringar i læreplanen, blir difor forslag knytt til vurderings- og eksamensordninga ein viktig del av drøftingane i direktoratet sitt høyringsbrev hausten 2012. Vi legg til grunn at direktoratet vurderer alle faglege innspel i arbeidet med høyringsutkastet, og vi ønskjer mellom anna at forslaget frå Forum for norskfaget vert utgreidd nærare."

Dette skriv Kunnskapsdepartementet om nynorskelevane:
"Departementet vil leggje til at vi er uroa over at stadig fleire elevar skiftar hovudmål frå nynorsk til bokmål undervegs i opplæringa. Vi ønskjer difor å styrkje nynorsk som hovudmål. Direktoratet og Nynorsksenteret m. fl. vil bli inviterte til å vere med i ei ressursgruppe for å diskutere ulike tiltak som kan snu denne utviklinga."

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no