Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kunnskapsdepartementet i riktig retning, men framleis uklar om sidemål

 (09.02.2012)

– Utdanningsdirektoratet får ein smekk over fingrane for framlegget om å kutte eigen karakter i skriftleg sidemål. Det er godt å sjå for alle oss som har kritisert Utdanningsdirektoratet siste vekene, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

– Men eg er samstundes skuffa over at Kunnskapsdepartementet ikkje er tydelegare på at sidemålsopplæringa i skulen skal styrkjast.

– I partiprogramma og regjeringserklæringa vil regjeringa styrkje både nynorsk og sidemål. Dette gjer ein gjennom å halde på eiga vurdering i sidemål, samstundes som ein gjer det lettare for nynorskelevar å halde på hovudmålet sitt. Det ventar vi å sjå att i resultatet, slår Håvard B. Øvregård fast.

Departementet seier i sitt brev til Utdanningsdirektoratet 8. februar at framlegga frå Forum for norskfaget skal utgreiast nærare og at dei skal leggje vekt på faglege innspel.

Forum for norskfaget er tydeleg på at eit bortfall av eigen standpunktskarakter i sidemål må føre til ein obligatorisk eksamen i sidemål. Forumet erkjenner at karakterar er undervisningsstyrande, og at det utan eigen karakter i sidemål vil verte mindre og dårlegare opplæring i sidemål.

Utdanningsdirektoratet sitt framlegg om kutt av eigen sidemålskarakter har også møtt sterk kritikk frå norskfaglege miljø.
– Noregs Mållag forstår ikkje kvifor fagmiljø og Forum for norskfaget tidlegare har blitt ignorert, men går no ut frå at Utdanningsdirektoratet vil leggje vekt på å styrkje - ikkje svekkje – sidemålsopplæringa, seier Håvard B. Øvregård.

Det er urovekkjande at Utdanningsdirektoratet har kome med framlegg som er i strid med den overordna språkpolitikken i Noreg. Språkrådet har gått ut mot framlegget, og slår fast at: Skal norsk – både bokmål og nynorsk – være samfunnsbærende språk i framtiden, må skolen og norskfaget være med på å sikre skriveferdighetene i, bruken av og statusen til begge målformene. (BT, 7.feb.)

– Noregs Mållag er einig med Kunnskapsdepartementet i at alle elevar skal lese meir nynorsk i skulen, og at nynorsk som hovudmål skal styrkjast. Men statusen for nynorsk som hovudmål heng nøye saman med kor sterkt nynorsk er prioritert for dei som har det som sidemål. Det er ei innsikt vi saknar både hjå Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet, påpeikar Håvard B. Øvregård.

Noregs Mållag har siste vekene opplevd den største medlemsveksten nokon gong, og har i tida etter Utdanningsdirektoratet kom med sitt framlegg fått over 1000 nye medlemer.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 957 85 560 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no