Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

1150 nye medlemer i Mållaget

 (09.02.2012)

Striden om sidemålsordninga og nynorsken har ført til ein av dei beste vervemånadene i mållagssoga. I løpet av fjorten dagar melde 1150 nye medlemer seg inn.

Organisasjonskonsulent Tuva Østvedt har travle dagar. Her med ei lita bunke brev til nye medlemer. (Foto: Gro Morken Endresen)



– Det er heilt utruleg, seier Tuva Østvedt, organisasjonskonsulent i Noregs Mållag.
– Det er eigentleg det mest dekkjande ordvalet. Heilt sidan saka vart offentleg kjend, har det vore eit tilsig som eg knapt trudde var mogleg. Då dei fyrste rapportane kom inn frå tenesta som registrerer innmeldingar på sms, så jubla me for tolv nye medlemer på ein dag. Sidan har den eine grensa etter den andre blitt sprengt. Særleg har Oddny Miljeteig sin personlege verve- kampanje gjort mykje. Når me no nærmar oss tusen nye medlemer på fjorten dagar, då er det ikkje anna enn utruleg.

– Korleis melder folk seg inn?
– Det har fordelt seg jamt, men at det har vore mogleg å melde seg inn på sms, har gjort utslag. Eg veit at folk har vore aktive på sosiale nettstader, og ein har inspirert kvarandre. Det spesielle har vore at så mange har ringt direkte til kontoret for å melde seg inn. Det har gitt oss eit bilete av kva folk det er som melder seg inn no, og det har vore kjekt å snakke med dei.

Provoserte
– Kva seier dei er grunnen til at dei no melder seg inn?
– For det fyrste er det dei som har vore medlem før, anten hjå oss eller hjå Målungdomen. Så er det dei som har sete på gjerdet, og ikkje heilt har funne tid til å melde seg inn før no. Og så er det nokre som ein i utgangspunktet ikkje skulle tru var den typiske medlemen, bokmålskrivande austlendingar. Sams for alle er at dei er provoserte av det dei har høyrt frå direktoratet og departementet. Eg veit ikkje om det berre handlar om norskfaget. Eg sit meir med eit inntrykk av at det handlar om å stå opp for nynorsken spesielt og språk generelt.

– Det blir vel ekstra mykje å gjere for deg med registrering og slikt?
– Ja, men det gjer ingenting!

***
Vi du også bli medlem i Mållaget?
Send NYNORSK til 2490 eller gå til denne meld-deg-inn-sida.

Kjartan Helleve / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no