Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stjernerik forfattarkveld

 (22.02.2012)

Stord Mållag ber inn til forfattarkveld i museumshallen på Sunnhordland museum torsdag 23. februar klokka 19.30. Hit kjem både rikskjendisane og dei ferske, lokale blant nynorskforfattarane.

Frode Grytten debuterte i 1983, men slo skikkeleg gjennom i 1999 med Bikubesong. Denne boka fekk han Brageprisen for, og etter den tid har han hausta litterære prisar i bøtter og spann. Han er ein produktiv og populær forfattar, og Stord mållag er veldig glade for at han har teke seg tid til å leggja turen til Stord.

Agnes Ravatn har sett spor etter seg både som skjønnlitterær forfattar og sakprosaforfattar. I 2011 fekk ho Språkprisen frå Språkrådet, og ho skriv fast i Dag og Tid. Ho er elles kjent også for å ha sagt nei takk til å vera stuntreporter for Bård Tufte Johansen og Harald Eia. Ravatn er frå Ølen, men gjekk vidaregåande skule på Stord.

Kristine Tofte er frå og bur på Stord, og kjem i år ut med sin andre fantasy-roman. Det er den andre boka om Song for Eirabu, og boka har lege nest øvst på salslistene i vekevis, sjølv om ho ikkje kjem ut før i april.

Anna Rommetveit Folkestad debuterte hausten 2011 med barneboka Henrik And. Boka vart raskt populær og utseld, og måtte trykkjast i nytt opplag. No blir Henrik And omsett til russisk, medan Folkestad er i full gang med å skriva og illustrera ein ny serie barnebøker for Samlaget.

Dette flotte A-laget av nynorskforfattarar kan du møta i museumshallen torsdag, for berre 100 kroner, eller 50 om du er medlem i mållaget. Det blir òg høve til å nyta eit glas vin eller øl medan forfattarane les.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no