Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Favorisér nynorsken!

 (24.02.2012)

Ut frå eiga forsking og eigne røynsler med fleirspråklege situasjonar, vil vi tilrå ein privilegert status for nynorsk i ein viss periode. Ein kan starta med skuleverk, akademia, massemedia og næringsliv, skriv Johannes Nymark og Rolf Theil i ein kronikk som har stått på trykk i Bergens Tidende.

***
Favorisér nynorsken!
Sosiolingvisten Miquel Strubell har peika på at ein språkpolitikk som tek sikte på å verna om regional- og minoritetsspråk, er alt for defensiv og dømd til å mislukkast. Å verna om språk er både for passivt og for defensivt, meiner Strubell, spesielt om ein har ambisjonar om å påverka opinionen. Og omgrepet «minoritet» er i høgste grad relativt og strekar under at språket det gjeld, har ein underordna status i høve til andre språk.

Katalansk, tala av rundt rekna 9 millionar menneske og med sitt kjerneområde i Catalonia-regionen nordaust i Spania, har gjort seg stadig meir gjeldande dei seinaste tiåra og på stadig fleire område. Og det trass i at utgangspunktet for katalansk var særs dårleg då diktatoren Francisco Franco døydde i 1975. Til samanlikning har nynorsk her til lands profilert seg mindre og mist skansar i det same tidsrommet. «Nynorsken er på vikande front», konkluderer kunnskapsminister Kristin Halvorsen i eit intervju med Dag og Tid 3. februar.

Når det gjeld språkpolitikk kan målfolket læra mykje av Catalonia. Både katalansk og nynorsk har ry på seg for å vera vanskelege skriftspråk. Vanlege brukarar av katalansk vedgår villig at dei rett som det er må ty til ordbok når dei nyttar morsmålet sitt, medan dei ikkje treng det for å skriva kastiljansk (det vi kallar spansk). Slik har dei mykje til sams med oss nynorskbrukarar som jamt må konsultera ordbok når vi nyttar målet vårt, noko vi ikkje gjer når vi nyttar bokmål. Ein del av årsaka ligg nok i den dominerande stillinga kastiljansk og bokmål har i dei to språksamfunna. Det er ikkje rart at ein tykkjer det er vanskeleg å skriva eit språk eller ei målform som ein relativt sjeldan ser på trykk. Til samanlikning lærer vi lett eitt av dei mest innfløkte skriftspråka i verda – engelsk – fordi vi ser det rundt oss heile tida.

Det er ikkje lenger berre dei mest vulgære elementa i Unge Høgre på Oslo Vest og i Bærum som har negative haldningar og tyr til ufine karakteristikkar om nynorsken. Også mellom lærarar i det norske skuleverket finn ein slappe språkhaldningar ‒ for ikkje å snakka om viktige delar av næringslivet. Desse er likevel i utakt med utviklinga internasjonalt. I siste halvdelen av 1970-åra og byrjinga av 1980-åra blei det for alvor fart i arbeidet med regional- og minoritetsspråk, og prosessane i samband med revitalisering av språk ‒ symptomatisk nok nett i den perioden då startskotet gjekk for den økonomiske nyliberalismen og globaliseringa. Mange er dei som i våre dagar opponerer mot ei globalisering som tenderer mot einsretting. Dei kjempar for eigen identitet slik denne kjem til uttrykk i eigen kultur og eige språk.

VG skriv i ein leiar 25. januar: «Det er et privilegium for et lite land å ha to sidestilte skriftspråk. Bokmål bærer med seg den sivilisasjon blant andre Danmark brakte oss, nynorsk er langt mer vår egen nasjonaleiendom.» Dette er nye tonar frå ei avis som ‒ saman med Aftenposten og Dagbladet ‒ har kravd at eigne journalistar skriv artiklane sine på bokmål, utan omsyn til kva målform dei kjenner som si eiga. Målrørsla med Noregs Mållag i spissen bør merkja seg dette og intensivera arbeidet for innpass i dei store riksdekkjande avisene.

Strevet med å revitalisera språk kan visa til resultat som er blitt lagde merke til. At språk som dei keltiske kornisk og mansk eller dei chilenske kaweshqar og yagan skulle leva i det 21. hundreåret, ville ha gjeve høge odds for ein del tiår sidan. Når språk som lenge har lege på sotteseng, ser ut til å klara seg, er det håp for mange, om motkreftene er aldri så mektige. Sosiolingvisten Shaw Gynan, som også er spesialist på urspråket guarani i Paraguay, fekk på midten av 1990-åra tak i eit hemmelegstempla dokument der det blei lovt millionar av US-dollar til Paraguay for undervisning i barneskulen, på det vilkåret at ein ikkje støtta guarani, som i Paraguay er eit majoritetsspråk, men blir handsama som om det var eit minoritetsspråk. I vårt eige land er det faktisk slik at vi prioriterer engelsk, til dømes i akademia og i næringsliv.

På internasjonale språkkonferansar vekkjer den norske språksituasjonen interesse. Den dynamiske og tolerante tradisjonen ein her finn, blir sett på som ein modell ein kan nytta i andre delar av verda, der ein er i ferd med å revitalisera språk, til dømes urfolksspråk som ikkje har ei skriftleg form. I somme latinamerikanske land, der fleire urfolksspråk er inne i ein prosess med revitalisering, har ein opplevd at folk på ei side av ein dal ikkje vil finna seg i at dialekten frå hi sida av dalen blir nytta som skriftleg norm. I slike situasjonar kan den norske situasjonen med to metodar for skriftspråk i det minste gje verdifull innsikt for korleis ein kan gå fram.

Å laga språkreglar som er til bry for folk flest, er ikkje særleg lurt. Ei forenkla rettskrivingsnorm for nynorsk er difor ein fordel, anten ein har målforma som hovudmål eller sidemål. Men den beste løysinga er ei synleggjering av nynorsken. Eit skriftspråk blir aldri enkelt nok for den som sjeldan ser det på trykk. Ein kan gå vidare: Når ein til dømes på universitet og høgskular generelt sett kan ha eksamensoppgåver både på bokmål og på nynorsk, så impliserer det dobbelt arbeid. Eit alternativ til slike parallelle oppgåver kunne vera å gje oppgåvene eitt år på nynorsk og neste året på bokmål.

Nynorsk og bokmål blir rekna for å vera to målformer av det same språket, norsk, men dette er ei politisk avgjerd, og dei kunne like gjerne bli oppfatta som to nærskylde språk, slik katalansk og kastiljansk er det. Nok ein gong kan det norske målfolket sjå til Catalonia. Begge stadene har ein vore oppteken av rettskriving, reglar og normering, men i tillegg har katalanarane lagt ned mykje arbeid i det språkpolitiske: korleis ein må gå fram ‒ gjennom politiske vedtak og prioriteringar ‒ for å konsolidera og vidareutvikla bruken av katalansk på dei mest ulike områda i samfunnet.

Eit nynorskbrukande individ bør ha same retten til å sjå og høyra språket sitt som ein bokmålsbrukar, og difor krevja like mykje nynorsk som bokmål frå NRK og andre statlege institusjonar – eller i ein periode meir. I eit land med to offisielle språk er det sjølvsagt at hovudstaden er tospråkleg – i mellom anna administrasjon og skuleverk og på offisielle skilt. I Canada er det fastsett ved lov at mellom anna matvarer skal ha både fransk og engelsk tekst; dette bør vera eit føredøme for Noreg.

Ut frå eiga forsking og eigne røynsler med fleirspråklege situasjonar, vil vi i Miquel Strubell si ånd tilrå ein privilegert status for nynorsk i ein viss periode. Ein kan starta med skuleverk, akademia, massemedia og næringsliv.



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no