Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblomster til Driva

 (27.02.2012)

Redaktør Sigmund Tjelle (t.v) får overrekt målblomst av lokallagsleiar Nils Ulvund.
Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag har delt ut målblomster til avisa Driva. Det er andre gongen målblomster blir utdelt. Den første fekk Erling Outzen i 2005.

– Sidan Einar Sæter sine dagar har Driva vore gjennom ymse periodar med språket. I ein periode var Driva langt unna språkrøtene sine, Svein Sæter sa i 2002 i lesarinnlegg i avisa at Driva hadde ofra sjela si ved å ha negativ haldning til nynorsk, seier Nils Ulvund, leiar i Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag. Han stod for utdelinga av Målblomster til avisa Driva. Ole P Pettersen fekk avisa på rett språkkjøl igjen og var svært tydeleg. Redaktør Sigmund Tjelle har vist både god vilje og evne til å fortsette.

– Journalistane i Driva sluttar omtrent mannjamnt opp om kva språksjela i Driva er ved at dei i det minste av og til brukar nynorsk. Men for alle – også journalistane – er det behov for språkrøkt. Derfor er målblomsteren denne gongen boka NPK-språket, seier Nils Ulvund. Boka er utgitt i 2010 på Kunnskapsforlaget i samarbeid med Nynorsk pressekontor (NPK) og Norsk telegrambyrå (NTB). I boka er det både ordliste og språkråd.

– Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag håpar at boka blir bruka, ja kanskje setje Drivaredaktøren på tanken om å motivere journalistane sine til å delta på kurs i moderne journalistspråk. Mållaget håpar at dei andre avisene og kan få til framgang med å vise at vi har to skriftlege målformer, påpeikar Nils Ulvund.

– Veldig gledeleg. Driva kjem ut i eit område der det nynorske skriftspråket står sterkt, og vi veit alle kor viktig nynorsken var i arbeidet med å gje avisa eit solid fotfeste i regionen. Vi er fleire i redaksjonen som likar å skrive nynorsk. Som avis føler eg og at vi har eit samfunnsansvar i så måte, seier Sigmund Tjelle til avisa Driva etter prisutdelinga:

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no