Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk berre i festleg lag?

 (28.02.2012)

Utdanningsdirektoratet har kome med framlegg om å kutte ut eigen karakter i sidemålet for å styrke hovudmålet. Sidan fleirtalet av elevar i Noreg har bokmål som hovudmål, vil dette i praksis seie å styrke bokmålet og svekke nynorsken.

Kunnskapsministeren har fått klar melding frå lærarar og elevar om at norskfaget er for omfattande og arbeidskrevjande. Det har også blitt sagt av sentrale politikarar at ein vil ta bort karakter i nynorsk for at elevane skal bli betre i norsk, som om nynorsk ikkje er norsk. Etter vårt syn er det opplagt at fag som ikkje får sin eigen karakter, blir sett på som mindre vesentlege og vil bli utradert på sikt. Ein kan dessutan spørje seg om det verkeleg er slik at om ein får konsentrere seg om eitt språk og ikkje bli forstyrra av andre, så blir ein sikker og velformulert som språkbrukar.

Undersøkingar har synt at barn som er omgjevne av mange språk, er i stand til å skilje mellom opptil ti ulike språk eller variantar av språk. Då må ein spørje seg om argumentet om nytta av å konsentrere seg berre om eitt språk held. Framlegget frå Utdanningsdirektoratet byggjer blant anna på ein rapport om eit forsøk med valfritt sidemål i Oslo frå 2007. Om ein les rapporten nøye, ser ein at det ikkje er klart dokumentert at elevane vart vesentleg flinkare i hovudmålet sitt ved å velje bort sidemål. Utdanningsdirektoratet, derimot, hevdar i sitt framlegg at rapporten har klare konklusjonar. Vi kan ikkje sjå anna enn at direktoratet er på tynn is i dette spørsmålet, og det er synd, sidan konsekvensane av feillesinga kan bli store. Kunnskapsministeren, som trass alt skal forvalte kunnskap, burde ha sendt framlegget tilbake til Utdanningsdirektoratet og bedt om ei grundigare utgreiing.

Spørsmålet om bokmål og nynorsk har også med kulturhistoriske omsyn å gjere. Vi har to innbyrdes forståelege språknormalar her til lands, men dei har ulikt opphav. Medan bokmålet er tufta på dansk med tillemping av norsk uttale og innsmett av norske ord og omgrep, er nynorsken den normalen som faktisk er den norske. Nynorsk som mange i austlandsområdet ikkje vil ha noko med å gjere,er i si tid konstruert på grunnlag av ei rad dialektar med tilknytning til det gamle norske språket. Faktisk var det i unionstida der vi var meir eller mindre undertrykte og styrte frå utlandet, at dansken tok over som embetsspråk. Det vart eit byfenomen å etterape dei som tala dansk, og mot denne tendensen sto arbeidet til IvarAasen, Asmund Olavsson Vinje, Rasmus Flo og Arne Garborg. Viktigast var sjølvsagt Aasen.

Vi har ei språk- og kulturhistorie vi bør vere stolte av. Ho er knytt til identitet og heimekjensle, og i ei tid med stor motstand mot til dømes EU er det paradoksalt at orienteringa bort frå det spesi- fikt norske kjem med eit mogleg vedtak som vil svekke nynorsken. Ein veit at motstanden mot skriftleg nynorsk er størst på det sentrale Austlandet, og ein kan difor konkludere med at ein der har ein bokmålsidentitet. Det er underleg når ein veit at tilflyttinga frå landdistrikta til Oslo-gryta har vore stor og er stigande. Så er det og noko med sjølve namnet. Omgrepet sidemål har på eit vis allereie parkert eit av dei to språka, og det er oppfatninga at sidemål er synonymt med nynorsk. Dette stemmer ikkje om ein tek inn over seg at om lag 15 prosent av språkbrukarane har bokmål som sidemål og at 26 prosent av norske kommunar har nynorsk som hovudmål.

I dag er mykje av opphavshistoria til dei to språknormalane gløymt – gløymt fordi ein i skulen ikkje har vektlagt eit slikt emne. Då er det berre det faktum at elevane må skrive på to ulike variantar av norsk som står tilbake, og det er altså her ein vil gjere det enklare å bli god i eitt språk. Det har vore sagt at ein ikkje vil nynorsken til livs – ein kan til dømes nytte dette målet når ein les dei mange gode forfattarane som skriv på nynorsk. Dette er ein fascinerande tanke, men han held ikkje heilt. Det er ei kjend sak at lesing og skriving heng tett saman, og difor vil kunnskapen om det nynorske språket automatisk bli mindre om ein berre møter dette i lesing. Dessutan vil kompetansen til lærarane med tida bli lågare og lågare, og forsking har vist at til lågare kompetanse lærarane har, til meir negative er dei til å undervise i nynorsk. Det nye forslaget til Utdanningsdirekto- ratet kjem i alle fall ikkje til å gje lærarane høgare kompetanse.

I beste fall blir nynorsk til bruk ved festlege høve, til dømes på 17. mai, slik det kom framlegg om i humorprogrammet «Nytt på nytt» sist veke. Nynorsken vil i framtida kunne bli noko ein pyntar seg med til fest, på linje med beltestakken i finare strøk i Oslo. Det er kanskje i slike miljø at motstanden mot nynorsk har vore og er sterkast. Det kan vere på tide å minne om at borgarane i Kristiania lo, ropte hånleg og spytta etter bunadtoget til Hulda Garborg tidleg på 1900-talet. No er bunader blitt statussymbol, mens sentrale politikarar jublar over at elevar skal få mindre kunnskap om sitt eige morsmål.

Norunn Askeland og Bente Aamotsbakken,
Professorar ved Institutt for språkfag, Høgskolen i Vestfold

Kronikken stod på trykk i Nationen fredag 3. februar 2012.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no