Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utlysing av organisasjonsmidlane

 (29.02.2012)

På budsjettet til Noregs Mållag er det sett av 200 000 kroner som er øyremerkt lokale organisasjonstiltak. Alle lokallag og fylkeslag kan søkje om desse pengane. Hovudtildelinga i år blir på styremøtet i juni. Søknadsfrist for denne tildelinga er 20. mai.

Det er fleire lag som har fått støtte til ulike tiltak. Det har vore opne møte, konferansar og samlingar, eller heilt andre ting som lokale lag har peika på vil vere organisasjonsbyggjande hjå dei. At tiltaket skal ha eit organisasjonsbyggjande føremål, er viktig for å få tildeling. Maks sum for eit lag er 100 000 kroner.

I år har styret spesielt nemnt at dei ynskjer å stø regionale seminar og fylkesseminar, dersom økonomisk støtte kan sikre gjennomføringa.

Send søknad til gro.morken@nm.no innan 20. mai for å bli med på hovudtildelinga i juni. Sjå også retningslinjene for søknaden.

Retningsliner for midlane:

1 Prosjektsøknaden
Søknaden skal minimum innehalda slik informasjon:
Mål med prosjektet
Verkemiddel for å nå målet/måla
Budsjett med spesifisert inntekts- og kostnadsoversyn, inkludert informasjon om ein har søkt/fått støtte frå andre instansar.

2 Krav til prosjektet
Prosjektet skal føra til ei styrking av den organiserte målrørsla i det området prosjektmidlane vert brukte. Prosjektet skal også ha ein lærings-/overføringsverdi til andre lag, slik at andre kan gjennomføra same slags tiltak etter mal frå det støtta prosjektet.

3 Rapportering
Rapport for prosjekt som er støtta av Noregs Mållag skal sendast styret seinast 20. februar året etter. Rapporten skal evaluera om ein nådde måla, kva verkemiddel som fungerte godt og dårleg, og skrivast i ei form som i all hovudsak kan formidlast vidare til resten av organisasjonen som del av ein idébank for tiltak. Revidert rekneskap kan ettersendast, men må liggja føre seinast ved utgangen av mai.

4 Søknadsfristar og tildelingsrutinar i styret
Gjeldande landsmøtevedtak har sett av om lag 200 000 kroner pr år til utlysing til organisasjonsprosjekt.

Styret lyser ut midlane for komande år på seinhausten året før og gjer hovudtildelinga på styremøtet i mars. Ein mindre del av midlane bør haldast attende til ei ny utlysing på våren og resttildeling på styremøtet i august.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no