Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skrivetevling i Hedmark og Oppland

 (02.03.2012)

Austmannalaget arrangerer denne våren ein skrivekonkurranse. Oppgåva er retta mot elevar på ungdomsskulesteget i austmannaområdet (Oppland og Hedmark).

– Deltakarane kan velja mellom desse to oppgåvene: anten «Kvifor har vi to norske skriftsspråk?» eller «Skriv eit kåseri om språktilhøva i Noreg» , fortel Even Lusæter, leiar i Austmannlaget.

Han fortel at det er sett av flotte pengepremiar. I tillegg til heider og ære, vil dei tre best skrivne tekstane bli lønna med pengepremiar. Fordelinga ser slik ut:
1. plass: 3000,-
2. plass: 2000,-
3. plass: 1000,-

Deltakarane kan altså velja mellom desse to oppgåvene: anten «Kvifor har vi to norske skriftsspråk?» (vel overskrift sjølv) eller «Skriv eit kåseri om språktilhøva i Noreg» (vel overskrift sjølv) – med krav om nynorsk som målform.

Tekstane skal sendast til denne e-postadressa: austmannalaget@hotmail.com Frist for innlevering er 1. april 2012. Tekstane vil bli vurdert av ei nemnd sett ned av styret i Austmannalaget.

Spørsmål knytt til skrivekonkurransen kan rettast direkte til leiar i Austamannalaget, Even Lusæter.
E-post: even.luseter@gmail.com eller tlf: 414 63 830

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no