Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

1700 nye medlemar i Noregs Mållag

 (05.03.2012)

Noregs Mållag har opplevd ei veldig oppslutning etter at kunnskapsminister Kristin Halvorsen i januar gjekk ut og opna for å svekkje sidemålsordninga. Sidan nyttår har det kome til godt over 1700 nye medlemer.

– Dette er ei nasjonal mobilisering. Det er viktig for nynorsken og målsaka at Noregs Mållag er sterkast mogleg. Vi er opne for å snu dei fleste steinane for å betra norskfaget, men éin ting ligg fast: elevane må få ein eigen karakter som viser kva dei kan, anten som standpunkt eller gjennom eksamen, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Stor medlemsvekst er ei god støtte og eit tydeleg signal om at nynorskbrukarar stiller seg bak standpunkta våre om sidemålet og utviklinga av norskfaget, legg han til. Det kjem til nye medlemer frå heile landet, men det er ikkje tvil om at Bergen og Oslo aukar mest.

– Bergen Mållag er høgst på vervetoppen med heile 286 nye medlemer. Vi har alt å takke vervekampanjen til Oddny Miljeteig, gruppeleiar for Bergen SV. Sjølv står ho ansvarleg for å verve 333 nye medlemer til Mållaget, og ein del av desse fordeler seg utover landet, seier Håvard B. Øvregård.

Oslo Mållag har fått 168 nye medlemer. I 2011 var det 10 433 betalande medlemer i Noregs Mållag.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 957 85 560 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no