Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk humor på "Torsdagskveld fra Nydalen"

 (07.03.2012)

TV2-programmet «Torsdag kveld fra Nydalen» er klar for ein ny sesong. Som smaksprøve har TV2 lagt ut eit av innslaga, ein fantastisk parodi på musikkvideoen til «Earth song» av Michael Jackson.

Der originalen handlar om at me må ta vare på jorda, handlar «Nynorsk song» om at me må ta vare på nynorsken. Både Sigrid Bonde Tusvik, Herborg Kråkevik, Odd Nordstoga, Liv Signe Navarsete og Bård Vegar Solhjell er med i videoen.

Sjå Nynorsk song.

Til «God kveld Norge» seier den nybakte «Torsdag kveld»- programleiaren Sigrid Bonde Tusvik at det ikkje berre er fjas.

– Det er ikkje tull, eg er dotter av ein nynorsklærar, og hadde toppkaraktar i nynorsk. Eg kan lære folk nynorsk på ein halvtime, seier Bonde Tusvik, som meiner at dårlege lærarar er årsaka til at så mange elevar mislikar nynorsk.

– Det er mange dårlege nynorsklærarar som sjølv mislikar faget, men det er det lettaste som finst.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no