Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Eva Westvik

 (13.03.2012)

Eva Westvik, Aud Lunde og Håvard B. Øvregård.
Eva Westvik (42) får Målprisen for Sogn og Fjordane for 2012. Prisen får ho for å ha brøyta veg for barnetv med høg kvalitet på nynorsk. Westvik er kvinna bak suksesseriane ”Her er eg” og ”Klart eg kan” på NRK Super.

Prisen vart delt ut av fylkeslagsleiar Aud Lunde på Sogn og Fjordane mållag sitt årsmøte.
- Du får prisen fordi du er med å skape gode språklege førebilete for ungane i Sogn og Fjordane og heile landet, sa Lunde då ho delte ut prisen.

Stolt og inspirert
- Eg er svært stolt av å ha fått denne prisen og for at de har sett det arbeidet vi har gjort, og det gir meg inspirasjon til å halde fram, sa prisvinnaren. Ho meiner at det å vise fram kvardagen og språket til ungane i Sogn og Fjordane i barnetv er godt for sjølvkjensla deira, og auka mangfald i NRK Super er bra for alle dei unge sjåarane.

Eva Westvik er busett i Måløy og tilsett i NRK. Ho har dei siste åra arbeidd på heiltid frå si base i Måløy og Sogn og Fjordane med å lage eigenutvikla nynorsk barne-TV i barnekanalen NRK Super. Ho har laga 39 episodar av serien "Her er eg", og er no i gang med oppfølgjarserien "Klart eg kan".

Begge seriane handlar om born frå nynorskområde og deira liv. Seriane har blitt ein stor suksess på barnekanalen NRK Super. Programma er også seld til ei rekkje andre land.

Viktig nybrottsarbeid
Leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård var også tilstades ved utdelinga og peika kor viktig serien ”Her er eg” har vore for nynorsk på NRK Super.

- Eva Westvik har vist at kvalitetsbarnetv kan lagast utanfor Oslo, også på nynorsk, seier han og meiner prisvinnaren er viktig også utanfor Sogn og Fjordane.

Noregs Mållag har lenge satsa på born i førskulealderen.

- Born i Noreg bør møte både nynorsk og bokmål i eigen kvardag så tidleg som mogleg. Då er ”Klart eg kan”-serien viktig for språklege sjølvtillit og sjølvkjensle for born i nynorskområde, seier Øvregård.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no