Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Norskfag høgt på dagsorden

 (19.03.2012)

Norskfaget står på høgt programmet på landsmøtet til Norsk Målungdom til helga. Landsmøtet skal mellom ta stilling til nytt arbeidsprogram, nytt målpolitisk grunnlagsdokument og velje nye styre.

– Debatten om norskfag og sidemål har gjort våren ekstra hektisk, og det kjem til å halde fram heilt til den nye læreplanen i norsk skal vere klar neste vår. Det komande året blir difor eit språk- og skulepolitisk maratonløp, som vi skal leggje eit solid grunnlag for på Voss, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom i et pressemelding.

I framlegget til nytt arbeidsprogram er arbeidet med å styrkje og fornye både norskfaget og sidemålsopplæringa prioritert heilt øvst. Nygård meiner det komande året er ein historisk sjanse til å rette opp i det som har vore eit langvarig problem for nynorsken.

– Dårleg sidemålsopplæring og eit overfylt norskfag har vore eit gnagsår både for bokmålselevar, nynorskelevar og nynorsk som språk. Når læreplanane no skal skrivast om, har vi sjansen til å få røske skikkeleg opp i ting, i staden for berre å kunne oppnå kosmetiske endringar, seier Nygård, som ynskjer ei klårare prioritering av kva som skal høyre heime i norskfaget.

Visitt på Vangen
Landsmøtet går av stabelen 23.-25. mars på Vangen skule, som ligg sentralt på Voss. Møtestart er sett til klokka 17 fredag ettermiddag. Årets landsmøtetalar er Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftingstilsynet. Hamar har mellom anna markert seg i vinterens nynorskdebatt med ein kronikk i Verdens Gang, om Oslo som nynorskens hovudstad.



For meir informasjon om landsmøtet:
- Janne Nygård, leiar, 916 16 637, janne@nynorsk.no
- Vebjørn Sture, nestleiar, 924 16 527, vebjorn@nynorsk.no
- Pressefoto: http://malungdom.no/presse/
- Sakspapir og annan praktisk informasjon finn de på http://malungdom.no/landsmote/

Under sjølve landsmøtet:
- Heile landsmøtet er normalt ope for pressa.
- Journalistar som kjem kan vende seg til pressevert Maria Svendsen (984 49 697)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no