Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny giv i Ostereidet Mållag

 (21.03.2012)

Ostereidet Mållag har dobla medlemstalet sitt i løpet av det siste året. Søndag skipa dei ein vellukka kulturkveld, melder avisa Strilen.

– For eitt år sidanhadde me berre 15 medlemer, og laget hadde lege nede fleire år. Då var me nokre som meinte at noko måtte gjerast, og no har me over 40 medlemer. Og det var før alt styret som kunnskapsminister Kristin Halvorsen utløyste, og som har skaffa Noreg Mållag mange nye medlemer, fortel Nina Eide til Strilen.

Eide er nyvald leiar i Ostereidet Mållag, som sundag skipa til kulturkveld på Ostereidet ungdomsskule. Ho fortel at dei mellom anna brukar Facebook for å få tak i nye.

– Og så spør me folk direkte, og mange vil vera medlem, seier Nina Eide.

Eigedomsmeklar Sondre Ivan Myhr i Eiendomsmegler Vest fekk tildelt Ostereidet Mållag sin målblom.
– Den får du fordi du i alle lysingar av eigedommar brukar nynorsk. Der skil du deg ut, seier Arnfinn Hellevang som også leia kulturkvelden til Ostereidet Mållag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no