Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Heider til Bryn og Riise

 (27.03.2012)

Journalistane Ingvild Bryn i NRK og Arill Riise i TV2 er Årets nynorskbrukarar 2012. Dei får prisen for utsøkt språkrøkt og framifrå bruk av normert nynorsk i moderne nyheitsjournalistikk i radio og fjernsyn, seier styret i Nynorsk kultursentrum i si grunngiving. Kvar av prisvinnarane får 40 000 kr, og prisane blir delte ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 28. juni.

– Eg blir berre meir og meir glad i nynorsken, så eg set stor pris på å få denne utmerkinga. Nynorsk er ikkje berre vakkert i poesien, det er også eit presist og klart nyhendespråk, seier Ingvild Bryn.
– Eg er både glad og kry. Å få nynorskens nobelpris er stort, seier Arill Riise.
– Når tidlegare prisvinnarar er folk som Kjartan Fløgstad og Maria Parr, blir eg audmjuk. Eg er då berre ein journalist.

Ingvild Bryn (fødd 1961) frå Voss er cand.mag., har vore journalist i Horda Tidend på Voss og tok til i NRK i 1984. Ho har vore programleiar i Dagsrevyen sidan 1992, berre avbrote av korrespondentår i USA 1995–99. Bryn var styreleiar for Mediemållaget i 1988–90 og styremedlem 2004–10.

Arill Riise (fødd 1958) frå Ørsta tok til i NRK i 1983 og har vore programleiar både i Norge rundt, Dagsrevyen og Sommeråpent. 2003–2006 var han informasjonsleiar på nynorsk i Fiskebåtredernes Forbund. Riise har vore tilsett i TV2 frå 2006 og har sidan 2010 vore hovudanker for kveldsnyheitene saman med Mah-Rukh Ali. Riise har også gitt ut tre bøker.

Ein språkpolitisk pris
– Prisvinnarane har vore språklege førebilete og hjelparar for svært mange, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Han kallar tildelinga ei klar språkpolitisk melding om at også normert nynorsk må høyrast i radio og fjernsyn.

– I Noreg har det danna seg ein sterk og verdfull tradisjon for at nynorsk gjerne blir realisert som tale gjennom dialektane. Denne dialekttradisjonen skal førast vidare, men no når 2012-normalen for nynorsk blir innført, bør vi også gi meir rom for normert nynorsk tale. Som alle andre språk er nynorsk både eit skriftspråk og eit talespråk, seier direktør Ottar Grepstad.

Den fremste nynorskprisen
Det er 13. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no