Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kringkastingsringen gratulerer NRK med nynorsk-vekst

 (12.04.2012)

NRK har brukt meir nynorsk i alle kanalar utanom P3. Det syner årsrapporten for 2011 som er tilgjengeleg på nrk.no Den største framgangen står barnekanalen NRK Super for. Den har auka nynorskbruken frå 9,2 til 18 prosent.

- Dette er svært gledeleg, og Kringkastingsringen vil gjerne gratulera NRK Super med ein fantastisk prestasjon. Det er eit godt døme på at redaksjonen har arbeidd målretta for å sikra at nynorsk og dialekt er til stades på heile sendeflata, frå dubba animasjonsfilmar, via programleiarar i Barne-TV til store kvalitetsseriar som Vaffelhjarte, seier styreleiar Martin Toft i Kringkastingsringen.

Statistikken frå Ipsos MMI viser også at folkekanalen P1 og NRK2 har meir enn det pålagde kravet om 25 prosent. - Dette er flotte tal og viser at det er fullt mogleg å nå målet om 25 prosent nynorsk når det blir arbeidd hardt og strategisk for å få det til, understrekar Toft.

Han meiner det er grunn til å tru at den gode dialogen Kringkastingsringen, Noregs Mållag og Norsk Målungdom har med NRK-leiinga og med NRK Super har spelt ei rolle for at nynorskbruken aukar i statskanalen. - For dei delane av NRK som framleis seier at det ikkje nyttar å auka nynorskdelen meir seier me; Sjå på NRK Super. Me gratulerer både NRK og NRK Super med eit glimrande resultat og ser fram til å halda fram med dei gode samtalane med toppleiinga, seier styreleiar Martin Toft i Kringkastingsringen.

Kringkastingsringen er ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for at nynorsk, norske dialektar og samisk skal få eit rettkome rom i allmennkringkastinga og i media elles.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no