Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Janne Nygård innstilt som ny nestleiar

 (20.04.2012)

- Eg gler meg og ser særleg fram til å jobbe for å sikre framtida til nynorsken i skulen, seier Janne Nygård. Ho er ifrå Jølster og er avtroppande leiar i Norsk Målungdom.

Sveinung Rotevatn er innstilt som nytt styremedlem. Han er leiar i Unge Venstre og frå Eid i Sogn og Fjordane. Ny i styret vert òg Nina Berge Rudi frå Harpefoss i Sør-Fron kommune. Medan Håvard B. Øvregård tek attval som leiar og Helga Hjetland tek attval som styremedlem.

Noregs Mållag skal halde landsmøte i festsalen til Bondeungdomslaget i Oslo, (Rosenkrantzgt. 8) neste helg frå fredag 27. til 29. april.

Innstillinga som valnemnda då vil leggje fram, ser slik ut:
Leiar: Håvard B. Øvregård, nestleiar: Janne Nygård. Styremedlemer: Helga Hjetland frå Høyanger, Sveinung Rotevatn, Nina Berge Rudi frå Sør-Fron og Terje Kjøde frå Ørsta.

Varamedlemer til styret: 1. Sigbjørn Hjelmbrekke, Bø i Telemark, 2. Solgunn Liestøl, Haugesund, 3. Randi Lohndal Frestad, Lista og 4. Magne Aasbrenn frå Fredrikstad.

Meir informasjon om styremedlemmene finn de her.
Meir informasjon om landsmøtet ligg her.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Åsmund Lien, leiar i valnemnda, 922 23 584 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no