Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Besøk på Elvebakken vgs

 (26.04.2012)

I dag var Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag og Janne Nygård, påtroppande nestleiar, på besøk hjå Elvebakken vgs i Oslo. Der vart dei fortald om den gode sidemålsundervisninga på skulen.

Dei møtte ein engasjert elevgjeng som gjerne diskuterte språk og språkopplæring generelt, og nynorsk spesielt.

Tverrfagleg prosjekt
På Elvebakken vgs har lærar i norsk, Line Ellingsen, gjennomførd fleire ulike tverrfaglege prosjekt med nynorsk. - Vi har onsdag som ein fast nynorskdag gjennom heile 3. klasse med to til fire timar kvar veke. Elevane skriv mange korte tekstar, les nynorske tekstar og overset tekstar frå bokmål til nynorsk, fortel Line Ellingsen.

- Eg rettar tekstane med fargekodar. Slik at elevane frå gong til gong kan sjå utviklinga. Gult tyder til dømes substantivfeil, og dersom det er mykje gult i teksten ser dei at no lyt dei arbeide meir med det, fortel Line Ellingsen.

Ho er tydleg på å seie til elevane at å lære nynorsk kan vere enkelt. Det er viktig å bli eksponert for mykje nynorsk og ha mykje skrivetrening, og at gode tilbakemeldingar fungerer.

- Eg er veldig imot å ta vekk karakteren i sidemål. Det vil føre til at ein arbeider mykje mindre med det skriftlege og med nynorsk, seier Line Ellingsen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no