Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kvifor nynorsk?

 (27.04.2012)

– Eg trur at om ein samanliknar fyrste veke og siste veke i prosjektet vil ein sjå ei heilt klår forbetring i nynorskkunnskapane, fordi me har jobba konsentrert og fått tett oppfølging, seier Halvor Solhjem Njerve, elev på Elvebakken vgs.

Det sa han til Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag og Janne Nygård, påtroppande nestleiar i Noregs Mållag, då dei vitja skulen torsdag føremiddag.

Håvard spurde elevane om kva dei meinte om at alle skal lære å skrive nynorsk:
– Om ingen skriv nynorsk, vert det ingenting [nynorsk] å lese, kjem det kjapt frå Adrian Arnason.

– Men om me alle skal lære å skrive det, må me i alle fall få vite kvifor, skyt Emilie Bjoland inn. I dag får me berre til svar at det er fordi det står i pensum.

Tidleg start
Elevane meiner det er dumt at dei ikkje vert introduserte for sidemålet før dei er 15 år. Dei burde møtt nynorsk før, er elevane samde om. Slik det er i dag er det vanskeleg å lære seg eit språk godt når opplæringa startar så seint. Elevane meinte dei heller burde møte nynorsken så tidleg som mogleg i barneskulen.

Fleire av elevane var opptekne av at sidemålet trekkjer ned snittet deira, og undrar om ikkje sidemålet kunne vore friviljug. Håvard spør kor mange som då ville valt nynorsk. Berre tre av elevane er oppe med handa. Om dei måtte velje mellom matte og nynorsk, er stoda ei heilt anna. Då ville dei fleste valt nynorsk

– Nynorsken gjev oss ei innføring i noko utanfor dei sentrale delane av landet, seier Halvor Solheim Njerve.
Tina Johansen var einig.

– Hadde eg vore Noregs Mållag ville eg har lagt meir vekt på kulturargumentet i sidemålsdebatten, me bør lære om meir enn det som omgjev oss, seier ho.

Marit Aakre Tennø
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no