Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fleirspråklege fordelar

 (27.04.2012)

Øystein A. Vangsnes held landsmøtetale til landsmøtet. Emne for tala var om kunnskap frå den internasjonale forskingsfronten og overføringsverdien til den norske språksituasjonen.

1. Innleiing
Gode landsmøtelyd!

På byrjinga av 1970-talet, då eg var knapt 4 år gammal, flytta eg med familien min frå Leikanger i Sogn til Skjetten utanfor Lillestrøm. Ein kveld, ikkje lengje etter at vi var på plass i rekkehusleilegheita i Landskronavegen 13, 2013 Skjetten, hadde eg fått beskjed om å gå til sengs, og eg gjekk opp på rommet mitt. Der sette eg meg i vindauga og såg ut på gata utanfor der nokre ungar framleis var ute og leikte. Etter ei stund lèt eg opp glaset og ropte ut til dei: «Nó mao’rè gao å laiddja’rikka fø da ha móri mí sagt!» Dei stira måpande tilbake.

Noen uker seinere snakka jeg akkurat sånn som alle andre unger på Nedre Romerike. Og så fulgte seks minnerike barneår i denne vel tilrettelagte drabantbyen et par mil utafor Oslo. Jeg var en del av en familie på fem der faren min og de to eldre brødrene mine snakka sogning mens jeg og mora mi snakka østlending. Brødrene mine snakka også østlending ute blant vennene, og faren min normaliserte i retning nynorsk på arbeid og sikkert også i andre sammenhenger. Jeg begynte på skolen, lærte og lese og skrive, og det foregikk selvsagt på bokmål.

Så – den høsten jeg fylte 10 år – flytta vi tilbake til Leikanger. Da bytta jeg ikke talemål. Jeg fortsatte å snakke østlending. Men jeg fikk – naturlig nok – nynorsk som opplæringsspråk i skolen. Og selv om jeg ikke snakka sogning, hadde jeg det inni meg. Jeg hadde jo daglig blitt eksponert for det hjemme. Jeg kjente orda og lydene og jeg kunne det grammatiske systemet, og etter hvert som tida gikk, meldte det seg også et behov for synliggjøre min sognske identitet. Først kom det til uttrykk i noen bestemte sammenhenger, og egentlig er det først etter at jeg langt inn i voksenalderen flytta til Tromsø, ordentlig har kommet ut av skapet språklig sett som sogning og vestlending. Ut ao sognaskaope, altso!

No er eg ikkje vorten invitert hit for å gi dykk livssoga mi. Men det eg har fortalt, knyter i alle fall an til det som er emne for framlegget mitt, nemleg Fleirspråklege fordelar.

Mandatet mitt slik eg har tolka det, er å gjera to ting. Først skal eg gjennomgå hovuddrag i den internasjonale tospråksforskinga, då med særleg vekt på forhold som gjeld borns allmenne, kognitive utvikling. Det andre eg skal gjera, er å spørja i kva grad vi kan sjå vår heimlege språksituasjon med nynorsk og bokmål på bakgrunn av innsikter frå den internasjonale tospråksforskinga. Målfolk er snare med å ta dei positive resultata derifrå til inntekt for målsak og for viktigheita av å læra både nynorsk og bokmål. Motstandarar av nynorsk sidemål og nynorsk allment er like snare med avvisa dette og poengtera at nynorsk og bokmål er skriftlege variantar av det same språket, norsk, og at resultata frå tospråksforskinga difor ikkje har nokon overføringsverdi.

Av den grunn er det viktig å føra gjennomtenkte resonnement på dette området. Min bodskap kjem til å bli at det er god grunn til å tru at innsikter frå den internasjonale tospråksforskinga har overføringsverdi til vår heimlege språksituasjon – trass i at nynorsk og bokmål står svært nær kvarandre og trass i at dei primært er skriftspråk som fordeler seg over eit felles mangfald av ulike dialektar. Det viktigaste for meg som forskar, er å konstatera at det er muleg å finna ut av denne overføringsverdien. Det er muleg å gjera undersøkingar som kan fastslå om det å veksa opp til å meistra både nynorsk og bokmål gir utviklingsmessige fordelar. Då er det ingen grunn til å lata vera å gjera slike undersøkingar, ei heller å ta konsekvensane av resultata frå dei når desse føreligg.

For dersom ein får kunnskap om at variert språkstimulering på så nærskylde språkvariantar som nynorsk og bokmål gir ulike utviklingsmessige fordelar, er det noko vi her i Noreg ikkje kan sjå bort ifrå i utforminga av norskfaget og andre språkstimuleringstiltak elles i barnehage og skule. Slike resultat vil dessutan spela tilbake på tospråksforskinga internasjonalt og på synet på verdien av språkleg variasjon også i andre land enn vårt eige.

2. Tospråklegheit – kva veit vi?
Gjennomgangen av tospråksfordelar spring ut av ei rådgivingsteneste for tospråklege familiar som vi har etablert ved Universitetet i Tromsø, Flere språk til flere (sjå http://site.uit.no/flerespraaktilflere/). Denne rådgivingstenesta er tilknytt den tilsvarande rådgivingstenesta Bilingualism Matters ved Edinburgh-universitetet, og formålet med desse organa er å formidla råd og informasjon basert på kunnskap frå forskingsfronten.

Det har funnest – og finst nok framleis – ein del mytar om tospråkleg oppvekst, altså det å la born bli utsette for to språk allereie i tidleg alder. Nokre døme er:

1) Tospråklegheit seinkar den generelle utviklinga til barnet.
2) Tospråklegheit fører til språkleg forvirring.
3) Tospråklegheit er berre nyttig så lengje begge språka det er snakk om, har stor utbreiing.

Det er ikkje grunnlag for nokon av desse førestillingane! Tospråklegheit i kva språk det måtte vera gir born ei rekkje språklege fortrinn og nokre spesifikke ikkje-språklege fortrinn som gjer dei betre rusta til å tenkja og handla i kvardagslege situasjonar.

Born kan tilegna seg kva språk det måtte vera utan «ekstra innsats», nærmast på same måte som dei lærer å gå, og barnehjernen er slett ikkje naturleg einspråkleg: Han kan hanskast med to, eller jamvel fleire, språk samtidig. Tospråklege born kan skilja mellom dei to språka sine heilt frå første leveår. Tospråklege babyar høyrer forskjell på lydane i dei to språka dei er eksponerte for, og det gjer dei sjølv når dei to språka er svært like, slik som t.d. spansk og katalansk. Spedborn er allment i stand til å gjenkjenna morsmålet sitt både lydleg og visuelt, men når det gjeld det siste, har studiar vist at tospråklege babyar held lenger på evna til å sjå morsmåla sine.

Tospråkleg utvikling
Tospråklege born gjennomgår dei same utviklingstrinna og milepælane i kvart av språka sine som einspråklege born. Storleiken på ordforrådet i kvart språk er som regel mindre enn hjå einspråklege, særleg i dei første åra. Men det totale mentale ordforrådet i dei to språka til saman vil som regel vera større.

At tospråkleg språktileigning slik sett er noko annleis enn einspråkleg utvikling, kan ein sjå i samanheng med det språklege innputtet dei får. Born som vert eksponerte for to språk vil nødvendigvis få mindre input i kvart av språka isolert sett.

Å veksa opp med to språk gir både sosiale og kulturelle fortrinn. I dei fleste tilfelle gir det tilgang til dei forskjellige kulturane som er knytt til språka. Tospråklege born utviklar også meir toleranse og interesse for andre kulturar, også ut over deira eigne språkkulturar.

Kva er så dei lingvistiske og mentale fordelane med tospråklegheit?

Lingvistiske fordelar med tospråklegheit
Når det gjeld det lingvistiske, legg tospråklege born i større grad merkae til korleis språk fungerer enn einspråklige – dei utviklar ein større metaspråkleg kompetanse, altså større språkleg medvit. Dette gjer dei tospråklege borna betre rusta til å læra eit tredje språk og gjer også at dei ofte startar tidlegare å lesa enn einspråklege.

Eit konkret døme på denne metaspråklege kompetansen er at tospråklege born som lærer alfabetsbaserte språk tidligare forstår forholdet mellom bokstavar og lydar. Viss ein til dømes spør born kva som er det lengste ordet av tog og lastebil, vil tospråklege born tidlegare gi svaret «lastebil».

Tospråklege har vidare to ord for den same tingen, lat oss seia norsk fisk og nordsamisk guolli, og med det blir dei også betre til å skilja form frå tyding. Og sjølv om tospråklege og einspråklege kan vera like flinke til å kjenna att ein grammatisk feil, er tospråklege betre i stand til å skjønna at ei setning kan vera grammatisk korrekt sjølv om tydinga er rar. Det har til dømes vore gjort forsøk for engelsk som viser at medan alle born kan vera med på at setninga Apples growed on trees inneheld ei gal verbform – growed istadenfor grew – så er det fremst tospråklege som går med på at ei setning som Apples grow on noses er grammatisk velforma.

Slik forsterka metaspråkleg kompetanse gjer tospråklege betre rusta til å læra eit tredje språk seinare, noko fleire studiar har vist. Det er òg haldepunkt for å seia at tospråkleg skriftspråksopplæring aukar denne effekten, altså at tospråklege born som kan lesa og skriva begge språka sine, er endå betre til å læra eit tredje språk enn tospråklege som berre har fått lese- og skrivetrening i eitt av språka sine. Dette kjem vi tilbake til.

Theory of Mind – hugmedvit/evne til mentalisering
Ein annan, meir allmenn kognitiv evne som tospråklege utviklar tidlegare enn einspråklege, er såkalla Theory of Mind som på norsk gjerne blir kalla ‘evne til mentalisering’ – på nynorsk kunne vi kanskje kalla det ‘hugmedvit’. Dette er evnen til å forstå at andre menneske kan ha eit anna perspektiv, at andre kan tru, vita eller ønskja noko anna enn ein sjølv.

Ein test for å avdekka om born har hugmedvit, er den såkalla Sally Ann-testen. Der utfører ein ein liten leik med dei to dokkene Sally og Ann (sjå t.d. http://www.youtube.com/watch?v=EUG24VRjp7c&feature=related). Sally har ei korg og Ann har ei øskje. Sally har ein kjeks som ho legg i korga si under eit lite teppe. Så går ho ut og leiker. Medan Sally er borte, tek Ann kjeksen og legg den i øskja si. Når Sally så kjem tilbake, blir barnet spurt: «Kor kjem Sally til å sjå etter kjeksen sin?» Viss barnet svarar «i øskja til Ann», har det ikkje ei forståing av at Sally ikkje har den same kunnskapen som barnet sjølv sit på. Men dersom barnet svarar «i korga si», har det vist at det er i stand til å setja seg inn i Sallys ståstad. Då har det hugmedvit, altså evne til mentalisering.

På dette området har studiar vist at tospråklege born klarar slike hugmedvitstestar i snitt om lag eitt år tidlegare enn einspråklege.

Eit forslag til å forstå dette er at tospråklege born er vande til heile tida å måtta vurdera kva for eit språk dei kan snakka med ulike personar på. Dei skjønnar at nokre personar berre kan det eine av dei to språka dei sjølve meistrar, og med det blir dei også betre til å forstå at andre menneske kan sitja på annan kunnskap enn dei sjølve.

Utøvande kontroll
Ein annan allmenn kognitiv evne som tospråklege born utviklar tidlegare og betre enn einspråklege, er såkalla ‘utøvande kontroll’ (engelsk ‘executive control, executive functions’). Dette er ein evne som regulerer det å planleggja, setja i gang og avslutta handlingar og til å styra merksemd. Sidan tospråklege jamt over utviklar denne evna betre, er dei betre enn einspråklege til (i) å byta mellom oppgåver der instruksane blir endra undervegs, (ii) å fokusera merksemda på ein ting og samtidig oversjå ein annan (selektiv merksemd), og (iii) til å undertrykkja irrelevant informasjon.

Viss ein ber ungar i 4-5 års alderen om å sortera figurar etter form og så etter ei stund ber dei om å sortera etter farge, vil dei aller fleste fortsetja som før og sortera etter form. Men tospråklege vil tidlegare enn einspråklege innsjå at føresetnadene er endra og då ta laus på den nye oppgåva.

Med babyar har ein utført eksperiment der dei høyrer eit konstruert ord og ser eit ansikt som kjem til syne på den eine sida av ein skjerm. Etter ei stund endrar ordet form, og samtidig flyttar ansiktet seg til den andre sida av skjermen. I slike eksperiment har det vist seg at sju månader gamle tospråklege babyar raskare tilpassar seg den nye situasjonen og flyttar blikk og merksemd etter ansiktet.

De kan sjølve prøva ut den utøvande kontrollen dykkar. I følgjande tabell er det samsvar mellom orda som står og fargen dei er skrivne med. Sei høgt kva for farge dei er skrivne med!

I neste tabell er det ikkje samsvar mellom orda og fargen dei er skrivne med. Forsøk no å seia fargen på skrifta høgt for kvart ord!

Kvifor er den siste oppgåva vanskelegast? Fordi du ikkje klarar å lata vera å lesa det som står. Lesing er svært automatisert og seinkar deg når du prøver å namngi fargen på skrifta. Er du tospråkleg, er det rett nok ein god sjanse for at du gjer det betre enn om du er einspråkleg. Forsøk viser nemleg at tospråklege i mindre grad vert distrahert av slike automatiserte oppgåver som det å lesa.

Tospråklege born er dessutan betre enn einspråklege til å sjå tvitydige figurar og til å veksla mellom dei. Ser du både eit kvinneansikt og ein saksofonist i biletet?

Undertrykking av motstridande språkuttrykk
Kva kjem så desse kognitive fordelane av? Vel, tospråklege står overfor eit problem som er irrelevant for einspråklege: Dei må velja det rette språket og samstundes unngå forstyrring frå det andre. Dei to språka er alltid aktive, og tospråklege må heile tida «filtrera ut» eit av språka når dei snakkar det andre. Dei har utstrakt øving i å bruka ein kontrollmekanisme som gjer dei i stand til å unngå samanblanding av dei to språka.

Og god utøvande kontroll er nyttig òg for mykje anna enn språk. Den same mentale kontrollmekanismen kan bli brukt i andre samanhengar som krev kontrollert merksemd og undertrykking av motstridande signal. Ulike samansette handlingssituasjonar («multi-tasking») krev at ein reagerer på høgt prioriterte oppgåver og ignorerer dei som er lågt prioriterte – bilkøyring kan tena som eit døme. Matematiske ferdigheiter og tilegning av mange andre hagar føreset òg utøvande kontroll.

Ingen unyttige språk
Viss fordelane med tospråklegheit knyter seg til vekslinga frå eitt språk til det andre, samt det å blokkera eitt av språka når ein snakkar det andre, då har det ingenting å seia kva for eit språk tospråklege born lærer. Det finst difor ingen unyttige språk!

Andrespråkslæring
Så langt har eg snakka om tidleg tospråklege, altså born som veks opp med to språk allereie i førskulealder, det vi kan kalla «naturleg tospråklege». Kva då med språklæring seinare, altså andrespråkslæring? Konklusjonane frå forskingslitteraturen er at di før ein lærer eit andrespråk, di betre er det. Eksponering for eit anna språk allereie i dei første skuleåra gjer det meir sannsynleg at ein kan oppnå å bli funksjonelt tospråkleg enn om ein møter det først i ungdomsåra eller som vaksen. Mange studiar syner dessutan at tidleg andrespråkslæring gir born nokre av dei same kognitive fordelane som ved tospråkleg “naturleg” førstespråkslæring.

Tospråklegheit og alderdom
Tospråklegheit i barndom og ung alder gir altså fleire utviklingsmessige fordelar. Det er også grunnlag for å seia at tospråklegheit gir fordelar i alderdommen. Ein del nyare studiar tilseier at tospråklegheit hindrar eller utset kognitivt forfall i alderdommen. I ein studie gjort av Ellen Bialystok og hennar gruppe ved York-universitetet i Toronto, har dei slege fast at når ein skil mellom einspråklege og tospråklege som blir diagnostisert med demens, er personar som har vore aktivt tospråklege gjennom heile livet, i gjennomsnitt over fire år eldre enn dei einspråklege. I studien deira fekk dei dette resultatet trass i at det gjennomsnittlege utdanningsnivået blant dei tospråklege var noko lågare enn hjå dei einspråklege. Dette siste er relevant sidan det elles er kjent at utdanningsnivå gir noko vern mot demens.

Ulemper med tospråklegheit
Finst det så nokre ulemper med tospråklegheit. Som eg var inne på, har tospråklege born jamt over eit mindre ordforråd i kvart av språka sine isolert sett enn einspråklege. Ein tilsvarande effekt ser ein også hjå vaksne, men då på ein annan måte. Undersøkingar viser at sjølv om vaksne tospråklege ikkje nødvendigvis har mindre ordforråd enn einspråklege, har dei ikkje like god tilgang til ordforråda sine. Tospråklege kjem noko dårlegare ut i ulike namngivingstestar og testar av det språklege arbeidsminnet (‘picture naming’, ‘verbal fluency test’), dei har oftare «har det på tunga»-opplevingar, dei er ikkje like flinke til å kjenna att ord når det blir lagt på støy og dei har noko større vanskar med ordval i eksperimentelle situasjonar. Ein del av forklaringa på dette meiner forskarar har å gjera med forstyrring frå det andre språket, altså det språket dei ikkje blir testa i.

Interessant nok, og kanskje ikkje så overraskande, er det slik at viss dei to språka er meir like kvarandre og ein tilpassar testane slik at ord og språklege uttrykk som er meir like i form, blir denne negative effekten mindre.

Samanfatting
Vi kan då samanfatta dei viktigaste fordelane knytt til tospråklegheit slik:

• Det gir større openheit overfor andre kulturar – både fordi tospråklege sjølve relaterer seg til meir enn ein kultur og fordi tospråklege tidlegare utviklar evna til å ta andres perspektiv.
• Tospråklegheit gir større metaspråkleg kompetanse. Tospråklege er betre i stand til å reflektera – medvite og umedvite – rundt språkleg struktur, noko som er ein fordel i all språklæring seinare, også når framandspråk skal lærast.
• Tospråklegheit gir ein betre utvikling og trening av hjernefunksjonar og det gir vern mot kognitivt forfall. Kognitive evner som hugmedvit og utøvande kontroll blir styrka, og demens slår i gjennomsnitt inn seinare i livet enn hjå einspråklege.

Prisen ein som tospråkleg må betala for dette, synest kanskje å vera at ein blir litt dårlegare til å raskt komma på det rette ordet i alle samanhengar.

Så lurer de kanskje på om tospråklege er meir intelligente enn einspråklege? Svaret er at ein ikkje har haldepunkt for å seia det. Men: Tospråklegheit fører til vekst i hjernebarken, så tospråklege får i alle fall ein større hjerne!

Kva har avstanden mellom dei to språka å seia?
Eit relevant spørsmål blir så om det spelar nokon rolle kor ulike dei to språka er for at ein kan oppnå desse fordelane. Det er etter kvart gjort mykje forsking på tospråklegheit i mange land og med mange forskjellige språkpar. Ein god del av forskinga er utført i Canada, ikkje minst av Ellen Bialystok i Toronto, og mykje av den forskinga har vore på fransk–engelsk tospråklege, men også på språkpar som engelsk-mandarinkinesisk og anna. Dette er språk som dei fleste vil oppfatta som ganske fjerntståande – sjølv om fransk og engelsk tilhøyrer same språkfamilie, er dei til dømes ikkje gjensidig forståelege.

Men i Spania er det gjort ganske mykje psykolingvistisk forsking på spansk-katalansk tospråklege, og spansk og katalansk står temmeleg nær kvarandre både grammatisk og når det gjeld ordforråd. Om dei er gjensidig forståelege, kjem sikkert an på kven du spør. Spør ein svenske om han forstår dansk eller ein lulesame om ho forstår nordsamisk, og du vil få ulikt svar i ulike samanhengar. Men der har de i alle fall samanlikningsgrunnlaget: Spansk og katalansk tilhøyrer den same språkgruppa, den romanske, og dei er geografisk sett grannespråk der dialektane utgjer eit felles dialektontinuum.

Men i Spania er det gjort ganske mykje psykolingvistisk forsking på spansk-katalansk tospråklege, og spansk og katalansk står temmeleg nær kvarandre både grammatisk og når det gjeld ordforråd. Om dei er gjensidig forståelege, kjem sikkert an på kven du spør. Spør ein svenske om han forstår dansk eller ein lulesame om ho forstår nordsamisk, og du vil få ulikt svar i ulike samanhengar. Men der har de i alle fall samanlikningsgrunnlaget: Spansk og katalansk tilhøyrer den same språkgruppa, den romanske, og dei er geografisk sett grannespråk der dialektane utgjer eit felles dialektontinuum.

Språk har også ein sosial dimensjon
Før vi går vidare til den heimlege norske språksituasjonen, er det viktig å poengtera at mykje av den kunnskapen eg har trekt fram så langt, i liten grad speglar sosiolingvistiske tilhøve. Det er ikkje slik i alle samanhengar at alle språk nyt den same sosiale statusen innanfor eit samfunn, og det er heller ikkje slik at alle born som veks opp i tospråklege miljø, blir balansert tospråklege, dvs. like «gode» i dei to språka sine.

Born er nemleg svært kjenslevare for folks haldningar til språk. Dei merkar det fort dersom eit språk blir sett på som «uviktig» eller mindre verd, og for at borna skal bli trygge på sin eigen tospråklegheit, må dei kjenna at begge språka og kulturane blir verdsette av familien og av samfunnet.

Mykje av den forskinga som eg har vist til, søkjer å samanlikna grupper av ein- og tospråklege som er så like som muleg når det gjeld sosiale variablar. Effekten på kognitiv utvikling av å kjenna språkleg mindreverd for eitt eller jamvel begge språka sine er såleis i mindre grad kjent, men ein veit jo allment at det å kjenna seg mindreverdig fører lite godt med seg.

Og det vi i alle tilfelle veit, er at språkleg stigmatisering kan føra til at born ikkje ser nokon verdi i å tileigna seg det stigmatiserte språket. Her slår både umedvitne og medvitne prosessar inn, og om dette kan det forteljast mykje frå heimleg norsk grunn, t.d. når det gjeld samisk og kvensk i Nord-Noreg og også om nynorsk i ulike pressområde.

Men lat oss no gå vidare og sjå på overføringsverdien av tospråksfordelane på den norske språksituasjonen.

3. Kva trur vi om overføringsverdien til den heimlege situasjonen?
Er det grunn til å tru at det å få opplæring i både nynorsk og bokmål kan gi nokre av dei same fordelane som elles gjeld for språkpar som ligg lenger frå kvarandre og der vekslinga gjeld både talt og skrive språk, ikkje berre skrive språk slik det til ein viss grad er for norsk?

Språklæringsfordelar
Lat oss byrja med det mest kurante, nemleg språklæringsverdien. Ein av dei udiskutable fordelane tospråklege har, er at dei har lettare for å læra fleire språk seinare. Her er også det å vera vand til språkleg variasjon innanfor eige språk relevant.

I ei nyleg undersøking av ordgjenkjenning mellom germanske språk fann ei gruppe sveitsiske forskarar at det var utslagsgivande om informantane var dialekttalande eller ikkje, meir spesifikt om dei snakka ein klart avvikande dialekt i tillegg til høgtysk. Dei som deltok i undersøkinga, vart viste ord med same opphav frå eit germansk språk som dei ikkje kunne: Tysktalande skulle vurdera svenske og danske ord og føreslå ei tyding, t.d. mena til tysk meinen eller skulle til tyske sollen og så vidare.

Slike resultat føyer seg saman med ein måte å forstå resultata frå den store nordiske grannespråksundersøkinga i første del av forrige tiår. I den undersøkinga kom nordmenn betre ut enn både svenskar og danskar i å forstå grannespråka. Dei einaste som var betre enn oss, var færingane. Eit forhold som skil Noreg frå Danmark og Sverige, er at dialektmangfaldet i Noreg i langt større grad kjem fram i det offentlege rommet – i tillegg til at vi også skriftspråkleg mangfald gjennom både bokmål og nynorsk. På Færøyane lærer borna allereie tidleg dansk i tillegg til morsmålet sitt færøysk.

Paradokset Sogn og Fjordane
Men den potensielt sterkaste indikasjonen på at den norske tospråksituasjonen gir utviklingsmessige fordelar, knyter seg til dei gode skuleresultata i Sogn og Fjordane. Sidan nasjonale prøvar i norsk, engelsk og matematikk vart innført i 2006, har dette fylket lege på toppen av resultatlista saman med Oslo og Akershus. Avgangsresultat frå grunnskulen gir eit tilsvarande bilete, og det oppsiktsvekkande med dette, er at der ligg Sogn og Fjordane trass i at utdannings- og inntektsnivået blant foreldra er lågt og trass i at fylket i liten grad er urbanisert. Utdannings- og inntektsnivå og urbanitet er kjent for å korrelera sterkt med skuleprestasjonar, og eit fylke som t.d. Nord-Trøndelag, som demografisk sett har mykje til felles med Sogn og Fjordane, kjem dårleg ut på dei nasjonale prøvane.

Eit breitt samansett forskingsprosjekt tek no mål av seg å undersøka regionale forskjellar knytt til nasjonale prøvar med paradokset Sogn og Fjordane som utgangspunkt. Ulike hypotesar er blitt sett fram, og ein søkjer forklaringar i historie, i skuleleiing og -organisering og i etter- og vidareutdanning av lærarar.

Ein hypotese i prosjektet tek også utgangspunkt i språksituasjonen i fylket, og den hypotesen må eg sjølv ta ansvaret for. Det er nemleg slik at nynorskprosenten i grunnskulen i Sogn og Fjordane er 97,3%, og ingen andre fylke er i nærleiken av dette: Møre og Romsdal har 52% og Hordaland 39% (tal for 2011). Det vi relativt trygt kan seia om born som veks opp med nynorsk som opplæringsmål, er at dei samtidig blir massivt stimulerte på bokmål og sentralaustnorsk talemål gjennom storsamfunnet, i første omgang gjennom fjernsyn og filmar, og etterkvart også gjennom tekst. Dei fleste nynorskborn meistrar difor bokmål temmeleg godt når dei møter det som sidemål på ungdomsskulen. Det same kan ikkje seiast om bokmålsborn: Dei færraste av dei vert eksponerte for nynorsk i nokon særleg grad før dei møter det på skulen.

Og då kjem poenget: Ingen andre stader enn i Sogn og Fjordane er det så mange ungar som vert stimulerte på begge målformer. Kan dette forklara, heilt eller delvis, dei gode skuleresultata i fylket?

Fylke Fylke nynorskelevar i grunnskulen i % (2011)
Sogn og Fjordane 97,3%
Møre og Romsdal 52%
Hordaland 39%

Det kan vi finna ut av, og vi finna ut av det! Måten å nærma seg spørsmålet på, er å utføra testar av utøvande kontroll og andre hjernefunksjonar på ungar frå fylket og samanlikna med resultat frå andre fylke. I utgangspunktet bør det ikkje vera nokon skilnad mellom førskuleborn frå t.d. Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane. Men om ein så finn fylkesvise skilnader hjå elevar i ungdomsskulen, då er vi på sporet av noko.

Skriftlegheit er heilt avgjerande her. Det er mange bokmålselevar som snakkar ein dialekt som ligg ganske langt frå bokmål. Det er til dømes tilfelle med nordtrønderar. Men skilnaden då mellom nordtrøndske born og born frå Sogn og Fjordane, er at dei sistnemnde òg blir skriftspråksstimulerte i to målformer tidleg.

Hugs her at eg sa tidlegare at tospråklege som får skriftspråkstrening i begge språka sine, viser seg å få ein forsterka evne til å læra nye språk. Kanskje bidreg slik variert skriftspråksstimulering meir allment og kanskje kan resultat frå Sogn og Fjordane bidra til å visa det.

4. Konsekvensar av ny innsikt
I paradokset Sogn og Fjordane ligg det ein kime til meir handfaste prov for at også variert språkintern språkstimulering gir positive kognitive effektar. Og sjølv om eg no snakkar til kyrkjelyden – og den er kanskje allereie overtydd – vil slike resultat vera ganske oppsiktsvekkande. Det vil nødvendigvis ha konsekvensar for synet på språkstimulering og for politikkutforming på dette feltet.

Viss det er slik at balansert opplæring i både nynorsk og bokmål gir betre utøvande kontroll – som i neste omgang gir betre læring i alle fag, også i matematikk – er den norske tospråksituasjonen ein ressurs som bør utnyttast til fulle.

Og skal også bokmålselevar få glede av den, bør dei få meir –ikkje mindre – stimulering på nynorsk. Og stimuleringa bør komma tidlegare – både fordi vi veit at dei positive effektane er størst di tidlegare born møter eit nytt språk, og fordi det aukar sjansane for at dei oppnår å bli funksjonelle i språket.

Det er eit anna viktig argument for å innvia bokmålselevar i nynorskens herlegskapar tidlegare enn i dag, og det er å få bukt med negative haldningar. Mindre born har færre fordommar og vil i mindre grad ha behov for å gjera nynorsken til eit hatobjekt. Færre negative haldningar er særs viktig for å auka den språklege sjølvtilliten til nynorskungar, særleg i pressområde, og kan med det gi positivt utslag på fråfallsstatistikken seinare.

Så er det viktig å understreka igjen at nynorskstimuleringa bør komma gjennom både skrive- og lesetrening. Skriftlegheit er avgjerande. Det gir ei heilt anna trening og ein heilt annan effekt enn om ein berre skulle lesa og høyra målet.

Den allmenne bodskapen her er at språklæring er meir enn berre opplæring i språk. Språklæring er trening av hjernen. Og hjernen er det viktigaste instrumentet eit menneske har. Då er det ingen grunn til å ta lett på korleis vi utformar språklæringspolitikken vår.

Og til alle dere målfolk vil jeg til slutt si: Vær glad for at dere har bokmålet. Uten det hadde dere ikke hatt de fordelene dere har! Ikkje eg heller!

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no