Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Leiartale av Håvard B. Øvregård

Sidemål – kva, kvifor og korleis?

 (27.04.2012)

Foto: Marit Aakre Tennø
Vyrde landsmøte,

For eller mot språk? Lære meir eller lære mindre? Dette er norsk sidemålsdebatt. Forenkla og retorisk, men like fullt riktig og beskrivande. For eller mot språk? Lære meir eller lære mindre?

Vi har i vår hatt det største sidemålsordskiftet på lang tid. Nest siste tysdagen i januar var det norskfag, sidemål, Kristin Halvorsen og Noregs Mållag i alle kanalar. Framlegget frå Utdanningsdirektoratet om svekt sidemålsopplæring møtte solid motstand. Og det mobiliserte.

2000 nye medlemer har Noregs Mållag fått sidan nyttår. 2000 målpolitiske val midt i eit trugande sidemålsordskifte. 2000 rungande ja til eit Noreg med språkmangfald - ja til nynorsk, ja til sidemål. 2000 oppmuntringar til meir innsats frå oss tillitsvalde. 2000 nye grunnar til å vere stolt over Noregs Mållag.

Desse 2000 har tatt eit val. Dei er for språk, ikkje mot. Dei vil at elevar skal lære meir, ikkje mindre.

---

Kva er sidemål?
Smak på ordet – sidemål. I mitt hovud smakar ordet sidemål vassent. Det vert ei kryssing av bak mål og sidespor. Det kan godt vere at det eigentleg skal tyde sidestilt mål, men det osar ikkje av jamstelling mellom sidemål og hovudmål.

Sidemål er ikkje eitt språk, men to. I det offentlege ordskiftet vert sidemål synonymt med nynorsk, trass i at vi i Noreg har to sidestilte sidemål; bokmål og nynorsk. Kvifor snakkar ingen om bokmål sidemål?

Fordi bokmål sidemål ikkje er eit problem. Fordi bokmål er fleirtalet sitt hovudmål. Fordi sidemålsordskiftet handlar om fleirtal og mindretal, og det er fleirtalet sine veikskapar som definerer problemet, ikkje mindretalet sin styrke. For sidemålet er ein styrke for mindretalet med nynorsk som hovudmål. Nynorskelevar er betre i norsk samla sett, dei er så mykje betre i sidemålet enn bokmålsfleirtalet at dei ikkje ein gong får utteljing for det i skulen.

Kunnskapsministeren lanserte i januar ideen om eit ekstrapoeng for elevar med nynorsk hovudmål. Framlegget vart presentert som eit ”insentiv for å få elevar til å velje [nynorsk]” (1) . Framlegget er godt, men ikkje som eit godhjarta handslag til ei svak gruppe. Nynorskelevane er nemleg ikkje ei språkleg svakare gruppe. Elevar med nynorsk som hovudmål er ei språkleg sterkare gruppe, den samla kompetansen i nynorsk og bokmål hjå elevar med nynorsk som hovudmål er mykje større enn hjå elevane med bokmål som hovudmål. Så mykje større at elevar med bokmål som hovudmål får same karakter som nynorskelevane for ein dårlegare sidemålstekst. Kunnskapsministeren burde sagt at elevar med nynorsk som hovudmål skal få utteljing for sitt språklege fortrinn. Eit slikt ekstrapoeng er i røynda likestilling av nynorsk og bokmål, dagens sidemålskarakterar er ei urettvis favorisering av bokmålselevane.

På møtet 20. april i Kunnskapsministerens nyoppretta ressursgruppe for nynorsk som hovudmål kunne ein av deltakarane stadfeste dette. Ho hadde snakka med ein vidaregåandeelev i familien, som hadde bytt hovudmål frå nynorsk til bokmål for å få betre karakter. ”Ville du latt vere å byte hovudmål om du hadde fått eit ekstrapoeng”, hadde ho spurd. Eleven svara at han hadde tapt for mykje på det likevel. Fyrst med to ekstrapoeng hadde ”gevinsten” ved å byte hovudmål vorte utlikna. Målbyte i vidaregåande skule vert drive fram av sidemålsnillisme for bokmålselevar.

Tilsvara til Kunnskapsministeren sitt framlegg i januar synte at denne favoriseringa av bokmålselevane ikkje er kjent. Både Høgre og Norsk studentorganisasjon sa i VG 25. januar at dei var negative til framlegget fordi dei norske språka skal vere likestilte.

Dette er ”likestilling” sett med fleirtalsskylappar.

---

Kvifor har ingen sett den enklaste løysinga på ”sidemålsproblemet”; at alle har nynorsk som hovudmål. For bokmål sidemål er som kjent ikkje noko problem.

Men det er her, som elles, mindretalet som må innrette seg etter fleirtalet, anten det er fleirtalet sine læringsutfordringar eller det er fleirtalet sine språkhaldningar.

---

Eg kan ikkje nynorsk!, sa andreklassingen. Eg er på ein barneskule i ei kommune i Nordhordland. Rundt meg sit ein fyrste- og ein andreklasse. På denne skulen er fyrsteklassa ei nynorskklasse og andreklassa ei bokmålsklasse. For det er slik i randsona, i områda der nynorsk og bokmål hovudmål møtest – og blandast.

Eg har prata med ungane om språk. Vi snakka om kor mange språk det er i verda, elevane kunne namnet på tjue av dei, og no har vi kome til ulike norske språk. Det er frå ein av elevane i andreklassa det kjem, høgt og klårt, når eg spør om dei veit kva nynorsk og bokmål er: ”Eg kan ikkje nynorsk!”

Det er ikkje med sorg i røysta ho proklamerer sin manglande språkkunnskap, nei - det er meir ei triumferande stoltheit. Dette er språkstoda i Noreg i praksis. Jenta er stolt av å ikkje kunne nynorsk. Ho identifiserer seg ikkje som bokmålsbrukar, men som ei som ikkje kan nynorsk. Bokmål er ikkje ein identitet, det er berre ein majoritet. Nynorskmotstand derimot, det kan ein identifisere seg med alt som sjuåring.

Eg tenkjer på korleis det er for fyrsteklassingane i rommet. Dei som har nynorsk som hovudmål, og er medvitne det. – Og som høyrer den eitt år eldre jenta understreke at skriftspråket deira, det kan ho ikkje.

Vi talde til fem på mange ulike språk i dette klasserommet i Nordhordland. Då eg skulle gå kom jenta som sa ho ikkje kunne nynorsk bort til meg. Korleis har du lært så mange språk, seier ho til meg med nyfikne og misunnelege auge.

---
Korleis kan sidemål vere så vanvørd, i ei verd der språkkunnskap berre aukar i verdi?

Ein av grunnane er at målform vert sett på som mindre verdifullt enn språk.

Kva er eigentleg ei målform, kor kjem ho frå? Kvifor vert nynorsk og bokmål kalla målformer, ikkje språk?

Det handlar om politikk. Ord er makt. Omgrep kan vere både ovgrep, misgrep og overgrep.

Kva med omgrepet målform? Er det også eit omgrep som fortel like mykje om fleirtal og mindretal som om språk?

”nynorsk skriftkultur [er] prega av heile tida å ha stått i ein mindretalsposisjon i Noreg. Når ein med omgrepet målform talar om nynorsk og bokmål som to ulike former av eitt språk, ’norsk’, står ein i fare for å underkommunisere at det også er to ulike skriftkulturar ein snakkar om innanfor den språkkløyvde norske kulturen.” (Ottar Grepstad, 2003) (2)

Eli Bjørhusdal har gått omgrepet målform etter i saumane: Ein unik og særnorsk term, overraskande lite granska og utfordra i norsk språkvitskap. (3) Ho spør om målformomgrepet legitimerer ei fagleg og politisk bagatellisering av skiftet frå nynorsk til bokmål i norsk skule?

Omgrepet er om lag like gamalt som målstriden, og det handlar vel eigentleg om kor vidt vi skulle ha eitt eller fleire språk i Noreg. Om landsmål og riksmål, seinare nynorsk og bokmål, skulle smelte saman til eitt språk. I dei dagane Stortinget trudde dei kunne styre språket, var dette planen. No veit dei betre, og har gjeve opp prosjektet.

Er nynorsk og bokmål to ulike språk? Svaret er både ja og nei. Det kjem an på korleis du definerer språk. Ein språkfagleg definisjon er at språk som ein gjensidig kan forstå, ikkje er ulike språk, men ulike dialektar. I ein slik definisjon er korkje nynorsk, bokmål, dansk eller svensk eigne språk, dei er ulike skandinaviske dialektar. Ein annan definisjon på språk er Max Weinreich sitt kjende sitat ”Eit språk er ein dialekt med ein armé og ein marine”. Dansk og svensk har dette, men ikkje nynorsk.

Når språkforskarar deler dei nordiske språka opp i vestnordisk og austnordisk, så kjem nynorsk i den fyrste språkgruppa, og bokmål i den andre. Nynorsk og bokmål er i dag to ganske like norske skriftspråk, som trass i likskapen har ulike språklege foreldre, men felles armé og marine.

---

Eit språk si historie er med på å definere eit språk sin verdi. Og slik påverkar det dagens språkpolitikk. Det ligg mykje språkhistorie i eit historielaust sidemålsordskifte.

---

Kvifor sidemål?
Nynorskelevar spør ikkje kvifor dei må lære sidemål. Vi som har vakse opp som nynorskbrukarar, veit godt at vi er eit språkleg mindretal. Vi har møtt sidemålet vårt gjennom heile oppveksten, vi har lese meir på sidemål enn på hovudmål, vi har leika på sidemål, vi har truleg veksla mellom hovudmål og sidemål i skrift frå vi byrja å skrive.

Eg fann ei kladdebok heime, ein uferdig roman skrive av Håvard 9 år. Skriven på sidemål. Eg trudde vel det var slik ein måtte skrive om det skulle bli bok ut av det. For oss med bokmål som sidemål er det sjølvsagt at vi må meistre begge skriftspråka. Vi er eit mindretal, og vi veit å tilpasse oss.

Ideelt sett var det like sjølvsagt at fleirtalet hadde det same tilhøvet til mindretalet sitt språk. Vi har to jamstelte norske skriftspråk, og alle ser på det som sjølvsagt at vi lærer å skrive begge – også dei som har bokmål som hovudmål.
Men slik er det diverre ikkje.

For dei som ikkje av seg sjølv forstår kvifor dei skal lære å skrive både nynorsk og bokmål, må vi hjelpe. Med argument. Om det er elevar, lærarar, politikarar eller Kunnskapsministrar.

Her er tre argument:

Kulturargumentet
Norsk språk er i dag både nynorsk og bokmål. Å ta vare på norsk kultur tyder også å ta vare på norsk språk. Språk er kultur. For å ta vare på norsk språk, både nynorsk og bokmål, må meistring av begge språka vere ein del av den basiskunnskapen vi gjev til, og forventar av, norske borgarar. Dette krev ein innsats både frå skuleverk og einskildindivid, og det er verdt innsatsen. Den meirverdien det representerer for norsk kultur- og samfunnsliv å halda begge dei to skriftkulturane våre i hevd, er langt større enn dei praktiske utfordringane som følgjer med. St.m.35 (07-08) Mål og meining, s.14.

Skriftleg opplæring i nynorsk og bokmål for alle er naudsynt for å halde både nynorsk og bokmål skriftkultur i hevd.

Bruksargumentet
Skal du kunne arbeide på ein arbeidsplass, privat eller offentleg, som nyttar nynorsk, så bør du ha ein basiskunnskap i skriftleg meistring av skriftspråket. Om du til dømes vert lærar eller statleg tilsett, så skal du kunne meistre begge skriftspråka. Om du ein gong flyttar til eit nynorskområde vil det vere mykje lettare for deg om du kan skriftspråket. Det er riktig at det ikkje er sikkert at du vil trenge både nynorsk og bokmål, men veit du i dag kva du skal gjere og kor du skal bu resten av livet?

Og om du som bokmålsbrukar ikkje lærer deg å skrive nynorsk, så vil du verte ein barriere for andre sitt høve til sjølv å bruke nynorsk. I dag arbeider vi meir og meir saman om tekst. Kvifor er det alltid nynorskbrukaren som skal tilpasse seg bokmålsbrukaren når ein jobbar saman om tekst? Kvifor kan ein ikkje veksle på? Din manglande nynorskkunnskap kan ikkje berre verte eit hinder for deg, men også for dei som skal ha med deg å gjere.

Skriftleg opplæring i nynorsk for alle er naudsynt for at nynorskbrukarar sine språkrettar skal ivaretakast.

Fleirspråksargumentet
Forsking peikar på korleis kunnskap i andrespråk, også nærskylde, gjer ein til betre språkbrukarar på alle språk. I Noreg er vi i dag så heldige at ein i tidleg alder kan møte og lære to ulike skriftspråk som er lett tilgjengelege. Dette er ein ressurs vi må nytte og ikkje kaste bort.

Skriftleg opplæring i nynorsk og bokmål for alle har både kjende og ukjende fleirspråksverdiar. Utan obligatorisk skriftleg opplæring i sidemål vert det truleg berre dei med nynorsk som hovudmål som vil dra nytte av dette.

---

Korleis sidemål?

Er det mogeleg? Kan også bokmålselevar lære seg å meistre sidemål, ikkje berre nynorskelevar?

Svaret er ja. Men dei må møte meir sidemål enn dei gjer i dag, og dei må møte det tidlegare.

Dess meir språk born møter, dess meir språk kan dei, og dess gladare vert dei i språk. Fireåringar har ingen problem med at den eine boka er på nynorsk og den andre er på bokmål. Dei lærer kjapt at eg vil heim og jeg vil hjem tyder det same. Dei lærer kjapt at det eine er nynorsk og det andre er bokmål. Slik som femåringen som vart spurd om å syngje ein song og svara: Vil du høyre han på nynorsk eller på bokmål?

Dei må møte sidemålet alt i barnehagen. Dei må bli lesne til på nynorsk, ikkje slik det er i dag at mange førskulelærarar omset nynorskbøker til bokmål når dei les.

Kvifor skal ikkje bokmålsungar kunne leike på nynorsk, når nynorskungar kan leike på bokmål?

Dei må lære at det finst både nynorsk og bokmål. Dei må lese bøker på sidemål frå dei lærer å lese. Dei må byrje tidlegare å skrive på sidemål.

Dei må ha lærarar som meistrar både nynorsk og bokmål, lærarar som spreier språkglede.

Dei må lære meir om norsk språkhistorie, og tidlegare enn i dag.

Dei må vite at dei vert prøvde i både hovudmål og sidemål, og dei må få undervisning – både mengd og kvalitet – som gjer dei i stand til å nå måla dei skal prøvast i.

Dei må lærast opp til å verte glade i språk. Slik dei er i barnehagen.

Er det mogeleg?

Dersom vi vil.

---

Språk er over alt. Vi gjer språkval kvar gong vi opnar munnen. I alle møte med språk kommuniserer vi språkhaldningar. Du kan ikkje vere nøytral til språk.

Er du for eller mot språk?

Skal vi lære meir eller lære mindre?




(1) http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=10076676
(2) Ottar Grepstad: Eitt nynorskrike? Om regionalisering av nynorsken. 25.4.2003 http://www.google.com/url?sa=t&rct=j&q=%22omgrepet+målform%22&source=web&cd
=8&ved=0CEgQFjAH&url=http%3A%2F%2Fwww.aasentunet.no%2Fdownload.asp%3
Fobject_id%3D61eafcdf25fb413c8da39fc8068ecc42.pdf&ei=6_2ZT7DZMonT0QXW4sz4
Dg&usg=AFQjCNGzKp2MD3FC9tBaWtIcFQ4J0zJ3bw
(3) http://www.hf.ntnu.no/anv/MONS/dugnadnynorskbakgrunn.htm Sjå også http://www.jostedalsrypa.no/blogg/?p=1365

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no