Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil styrke nynorsk, men ingen lovnadar om sidemålsordninga

 (27.04.2012)

Foto: Berit Rekve
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har merka seg statistikkskandalen i Hordaland, og forventa at det vert rydda opp i og seier at ein sjølvsagt må vite at tala ein refererer til er rett. Ho meiner likevel det ikkje må overskygge at det no er så få som 13 prosent som har nynorsk som hovudmål i den vidaregåande skulen.

– Me må spørje oss korleis me kan styrke nynorsk som hovudmål, seier Kristin Halvorsen.
– Det handlar ikkje om sidemål eller ikkje sidemål, forsikra Kristin Halvorsen landsmøtet i mållaget om.
Halvorsen trur både meir læremiddel på nett på nynorsk og eit ekstra studiepoeng for å ha nynorsk som hovudmål kan medverke til å stogge målbytet.

Etter sidemålsstriden i vinter inviterte Noregs Mållag Kristin Halvorsen til å kome på landsmøtet. Om striden som stod på i vinter, som også skaffa Noregs Mållag nesten to tusen nye medlemmer, sa Kristin Halvorsen at det kunne vore freistande sett i ettertid å ikkje gjere noko.
– Det er lett å verte mistydd når ein diskuterar målsak, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Grunngjeving for språkpolitikken
Kristin Halvorsen meiner det er viktig at dei elevane som skal lære nynorsk som sidemål må få vite kvifor. Det nyttar ikkje å argumentere for at du må ha det om du skulle slumpe til å måtte jobbe i ei nynorskkommune. Når norskfaget no skal gjennomgåast er det viktig å få eit betre formål for nynorsken. Ho meiner elevane bør lære meir om kulturhistorie og om kor viktig kultur og språk er.

– Dei må få meir kjærleik for språket, seier Kristin Halvorsen.
– Nynorsk er ein viktig del av den norske kulturarven, og heng tett i hop med lausrivinga frå Danmark, seier Halvorsen.

Kompetansemåla
– Vurderingane er annleis i hovudmålet enn i sidemålet og me må finne ut korleis det skal vere realisme i kompetansekrava. Dette er eit krevjande spørsmål, men det er viktig å presisere at Utdanningsdirektoraret ikkje har føreslått å ta vekk opplæringa i sidemål, sjølv om dei føreslår å fjerne eigen karakter i sidemål, seier Kristin Halvorsen.
– Men den diskusjonen har me god tid til å ta, og eg inviterar mållaget til å ta den diskusjonen med meg.
– Om me ikkje gjer noko lover eg dykk at det ikkje vert paradisiske tilstandar for nynorsk, avsluttar Kristin Halvorsen.

Førebudde innlegg
Etter Kristin Halvorsen sin tale kom de tre førebudde innlegg frå salen:
Magne Aasbrenn, leiar i Østfold Mållag og norsklektor i Fredrikstad. Han hadde to konkrete tips til korleis ein kan gjere nynorsken meir spannande for elevane i bokmålsområde
– Reis på språkreise til ein stad der nynorsken er levande i samfunnet.
– Nynorskkonkurransar på skulen.
I tilegg vil Aasbrenn vil ha ei eiga teoriprøve i bokmål og ei i nynorsk, og så vil han ha ikkje gje momsfritak til dei avisene som ikkje gjev rom for 25 prosent nynorsk.

Systemet skaper bokmålselevar
Margit Ims, styremedlem i Bø Mållag og norsklektor på Kvitseid gymnas. Ho fortalde at stoda på barneskulane i Bø, som er eit språkblandingsområde, ikkje er god for nynorskelevane. Dei får ikkje vere i eigne klasser. Dette legg eit stort press på nynorskelevane.
– Det er systemet som skaper bokmålselevar, og dette systemet kan kunnskapsdepartementet gjere noko med, seier Ims. Nynorskelevane må få møte sitt eige språk i skulen. Her er mangel på nynorske læringsressursar viktig å få gjort noko med.
– Mine utfordringar kan ikkje løysast gjennom endringar i læreplanen, avslutta Margit Ims.
Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom peika på at senking av kompetansekrava og fjerninga av karakter i nynorsk gjev elevane insentiv til å byte frå nynorsk hovudmål til bokmål hovudmål.

Marit Aakre Tennø
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no