Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stoda for nynorsk som hovudmål i eit pressområde

 (28.04.2012)

Margit Ims bur i Bø i Telemark og er aktiv i Bø Mållag. Ho er lærar på Kvitsund gymnas i Kviteseid. Ho heldt eitt av fire førebudde innlegg til kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Eg vil seie litt om mine erfaringar som lærar og vil dessutan seie litt om vilkåra for nynorskelevar i blandingsområde og om stoda for nynorsk som hovudmål i eit pressområde som Bø.Bø er ein nynorskkommune, men både nynorsk skriftmål og dialekten er under press.

Bø har to barneskular, begge med sine utfordringar. På den største av dei, Bø skule, har fleirtalet av elevane no bokmål som opplæringsmål. Nynorskelevane har ikkje sin eigen klasse, men er fordelt på to klassar per klassesteg og utgjer bare eit mindretal i sin eigen klasse. Dette legg eit stort press på elevane. Denne situasjonen finst mange plassar i landet, og korleis konsekvensane er, avhenger av korleis det tilfeldigvis blir handert ved kvar enkelt skule.

Den andre skulen, Folkestad skule, er ein mindre grendeskule. Her er det ikkje val av opplæringsmål, alle har nynorsk. Ein del av foreldra hadde nok helst sett at ungane deira hadde bokmål, og dei vel difor lærebøker på bokmål, sjølv om eleven har nynorsk som opplæringsmål. Det har dei rett til etter opplæringslova, men dettte framstår som ein meiningslaus rett som undergrev opplæringa. Elevane blir i praksis bokmålselevar.

Ei utfordring for nynorskelevar i blandingsområde er at dei er i mindretal og mange gonger ved overgang til ungdomsskule og vidaregåande skule ikkje blir møtt som og behandla som nynorskelevar. Elevar kan fortelja om at dei byta frå nynorsk til bokmål fordi dei møtte eit system som rekna dei som bokmålselevar og som slettes ikkje var budde på å ta imot dei som nynorskelevar. Her er det system og strukturar som, i beste fall, usynleggjer nynorskelevane, eller verre, gjer nynorskelevane til eit problem. Desse strukturane er med å fremje målbyte snarare enn å hindre det.

Ein forutsetnad for å halde fram som nynorskelev er å møte nynorsk. I skulesamanheng må administrasjon og kvar lærar ta ansvar for dette. Skriving er grunnleggjande kompetanse i alle fag. For nynorskelevar gjeld det å skrive nynorsk og møte nynorsk i alle fag, ikkje bare i norsktimen. Det er ei kjempeutfordring, men det er ei utfordring kunnskapsministeren må ta om ho meiner alvor når ho vil gjere vilkåra betre for nynorskelevane.

Som lærar brukar eg nynorsk på tavla, og eg er opptatt av å bruke nynorsk materiell mest mogleg. Dette er viktig både for elevar med nynorsk som hovudmål og sidemål.Etter den siste endringa i forskrifta til opplæringslova er ikkje lenger kontorstøtteprogram omfatta av parallellitetskravet. Læremiddel er i aukande grad digitale, eller gjer bruk av nettbaserte læringsressursar som forlaga tilbyr. Desse ressursane finst sjeldan på nynorsk. Anten må det vera krav om at slike ressursar skal koma i parallellutgåver, eller språkbruken må veksla mellom nynorsk og bokmål. Lærarar som ønskjer å undervisa elevane sine på nynorsk får særs mykje ekstraarbeid.

Læreplanane legg rammer for norskopplæringa, men ikkje dei einaste rammene. Utfordringane eg har skissert kan ikkje løysast ved endringar i læreplanen. Minst av alt ved å fjerne sidemålsopplæringa. Men problema kan løysast av verkemiddel som det står i di makt å ta i bruk, og det er mi oppmoding til deg.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no