Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Håvard B. Øvregård attvald som leiar

 (29.04.2012)

Håvard B. Øvregård vart i dag attvald som leiar på Landsmøtet i Noregs Mållag. Ny nestleiar er Janne Nygård, student og avtroppande leiar i Norsk Målungdom.

Helga Hjetland og Terje Kjøde held fram i styret. Nye i styret er Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre, Nina Berge Rudi, lærar, og Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

Varalista ser slik ut: 1. vara Sigbjørn Hjelmbrekke, Bø i Telemark, 2. vara Solgunn Liestøl, Haugesund, 3. vara Randi Lohndal Frestad, Lista og 4. vara Magne Aasbrenn frå Fredrikstad.

– Landsmøtet sa klårt frå at elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen framleis må få ein eigen karakter i sidemålet, helst både som standpunktkarakter og karakter frå obligatorisk eksamen, seier Håvard B. Øvregård.

Landsmøtet vedtok også fråsegner om språkstimulering i barnehagane, styrking av andrespråksopplæringa i samisk, endringar i stadnamnlova og nynorske læremiddel i trusopplæringa.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157
Janne Nygård, ny nestleiar i Noregs Mållag, 916 16 637

Bilete til å laste ned: http://www.flickr.com/photos/27517726@N07/7125107251/in/photostream

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no