Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Fråsegn vedteken på landsmøtet:

Gjennom ord blir verda stor. Meir nynorsk i barnehagane

 (30.04.2012)

Alle born fortener å møte både nynorsk og bokmål i barnehagen. Noregs Mållag har drive barnehagekampanjen ”Gjennom ord blir verda stor” frå 2010 til 2012, og kjem til å halde fram med arbeidet for meir nynorsk i barnehagane.

Språklæring i barnehagen skal førebu for grunnleggande dugleikar i lesing og skriving, noko som i Noreg inneber å kunne lese og skrive både nynorsk og bokmål. Barnehagar som bruker både nynorsk og bokmål, gjev borna eit mykje betre grunnlag for seinare lese- og skriveopplæring.

Born som seinare skal ha nynorsk som hovudmål i skulen, har eit veikare utgangspunkt når dei berre har høyrt bokmål og dialekt i barnehagen. Når mange elevar seinare byter hovudmål frå nynorsk til bokmål, heng det saman med at dei ikkje kjenner seg trygge i hovudmålet sitt. Manglande medvit om nynorsk og språklæring i barnehagar i kommunar med nynorsk som opplæringsmål svekkjer difor vilkåra for nynorsk i Noreg.

Tidleg møte med nynorsk tekst gjennom opplesing, songar og rim er òg viktig for born som seinare skal ha nynorsk som sidemål i skulen. Det gjer borna meir positive til nynorsk sidemål. Alle som peikar på utfordringar med sidemålsopplæringa, har difor eit ansvar for å medverke til at alle born møter meir nynorsk i barnehagen.

Born er som svampar i møte med språk. Born har mykje større evne til å lære språk enn det vaksne trur. Barrieren for bruk av nynorsk i barnehagane ligg inne i hovudet til dei vaksne. Born i Noreg møter mest bokmål utanfor barnehagen, og har difor nytte av å møte mest nynorsk i barnehagen.

Noregs Mållag vil særleg oppmode Kunnskapsdepartementet og KS til å gjere ein innsats for å betre vilkåra for nynorsk og språklæring i barnehagane.

Utfordringar til Kunnskapsdepartementet:
- leggje rammer som sikrar klare politiske krav og forventningar til korleis barnehagesektoren formidlar både nynorsk og bokmål.
- syte for at det finst lett tilgjengeleg informasjon og etterutdanning som tematiserer nynorsk og bokmål i barnehagen.
- syte for at det vert sett i gang forsking på korleis språkstimulering på nynorsk og bokmål i barnehagane påverkar seinare lese- og skrivekunnskap i nynorsk, både som hovudmål og sidemål.
- syte for at førskulelærarutdanningao gjev førskulelærarar medvit og kunnskap om korleis språkstimulering i barnehagen best førebur borna på å lære både nynorsk og bokmål i skuleno gjev førskulelærarar kjennskap til dei særlege utfordringane born med nynorsk som hovudmål kan møte, og korleis barnehagen kan lette desse utfordringaneo sikrar at alle førskulelærarane har grunnleggande lese- og skrivekunnskap i både nynorsk og bokmål

Utfordringar til KS:
- gje råd til kommunane om korleis dei kan sikre at barnehagane o lèt ungane høyre både nynorsk og bokmål tekst oppleseo lèt ungane høyre og lære songar, rim og regler på både nynorsk og bokmålo tematiserer nynorsk/bokmål på personalsamlingar og i informasjon til foreldra
- gje råd til kommunane om korleis dei kan o leggje klare forventningar om bruk av nynorsk til dei barnehagane kommunen sjølv eig, og formidle same ønsket til private barnehagar i kommuneno tematisere nynorsk/bokmål på møteplassar for barnehagestyrarar og i samarbeidet mellom barnehage og skule
- gje råd til kommunar med skulekrinsar med nynorsk som opplæringsmål om korleis dei kan sikre at barnehagane gjev borna best mogeleg utgangspunkt for å lære nynorsk som hovudmål i skulen- gje råd til kommunar med skulekrinsar med bokmål som opplæringsmål om korleis dei kan sikre at barnehagane gjev borna best mogeleg utgangspunkt for å lære nynorsk som sidemål i skulen

Noregs Mållag har dei siste to åra gjennomført barnehagekampanjen ”Gjennom ord blir verda stor”. Gjennom ein nasjonal kampanje for nynorsk i barnehagen har sentrallekken på halvtanna år besøkt 65 barnehagar i 34 kommunar i 11 fylke. I tillegg til dette har lokale mållag rundt om i heile landet hatt eigne samarbeid med og besøk i barnehagar. Mållaget har laga og distribuert kampanjemateriell som samla er trykt i 70 000 eksemplar.

Erfaringa frå kampanjen er at barnehagane i utgangspunktet har stort medvit om språkopplæring, og gjer eit godt arbeid med å fremje språkutvikling hjå borna. Men dette gjeld diverre ikkje medvit og kunnskap om korleis borna skal verte introduserte for båe dei offisielle norske skriftspråka nynorsk og bokmål. Dette kan barnehagetilsette svært lite om, det er ikkje vektlagt i førskulelæraropplæringa, og det finst lite ressursar tilgjengeleg. Unntaket er det gode arbeidet til Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret).

Det finst nynorske bøker i mest alle barnehagar, men dei vert oftast ikkje lesne på nynorsk. Mange tilsette er opptekne av at borna skal møte den lokale dialekten, og omset alle bøker til sin lokale dialekt når dei les. Andre tilsette opplever nynorsk tekst som framandt og omset til bokmål når dei les for borna, ofte av di dei meiner det høyrest rart ut når dei les på nynorsk. Resultatet vert at nynorske bøker oftast vert lesne på bokmål eller dialekt, og ungane møter ikkje det nynorske språket i barnehagen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no