Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Fråsegn vedteken på landsmøtet:

Ei framtid med samisk

 (30.04.2012)

Fråsegn vedteken på landsmøtet: Landsmøtet i Noregs Mållag er glad for dei mange positive tiltaka som har blir sett i verk for å styrkje samisk språk dei seinare åra, særleg innanfor kulturfeltet. Likevel er vi uroa for vilkåra for unge som veks opp og skal halde på samisk språk.

Særleg alvorleg er stoda når det gjeld samisk som andrespråk. Andrespråksopplæringa er ein stor del av den samla samiskopplæringa i Noreg: i skuleåret 2005/2006 hadde 3055 elevar samiskopplæring, og av desse var det 2057 av elevane som hadde samisk som andrespråk. I skuleåret 2010/2011 var det samla talet gått ned til 2245, og praktisk talt heile nedgangen kjem av fråfallet i faget samisk som andrespråk.

Faget samisk som andrespråk har eksistert i 25 år, men har framleis ikkje funne ei form som oppfyller målsetjingane om å gjere elevane tospråklege.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner Kunnskapsministeren bør ta grep om den dramatiske utviklinga, og særleg sjå på desse tiltaka:

- Undersøkje korleis faget samisk som andrespråk kan integrerast betre i skulekvardagen, i staden for å vere eit fag som blir undervist etter skuletid.
- Ta i bruk meir samisk i skulen utover samisk-undervisninga, slik at elevar med samisk som fyrste- eller andrespråk får reelt høve til å bli tospråklege.
- Ta i bruk resultat frå forsking på andrespråksopplæring i minoritetsspråk i tillegg til dei forsøka med forsterka andrespråksopplæring som har vore gjort i samiskspråklege område i Noreg.
- Styrkje lærarutdanninga for samiskspråklege lærarar, slik at det blir mogleg å auke timetalet.
- Staten bør ta eit større ansvar for å sikre utgjevinga av populære barne- og ungdomsbøker på dei tre samiske språka vi har i Noreg.

Landsmøtet i Noregs Mållag står saman med sentrale samiskmiljø i å avvise alle forsøk på å setje nynorsk og samisk opp mot kvarandre. Opplæringa i nynorsk som sidemål og samisk som andrespråk er grunnleggjande forskjellig, og det eine kan ikkje erstatte det andre. I staden meiner landsmøtet at norske styresmakter bør sjå på tiltak som sikrar samiskspråklege elevar reelt gode samiskkunnskapar.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157
Janne Nygård, ny nestleiar i Noregs Mållag, 916 16 637

Bilete til å laste ned: http://www.flickr.com/photos/27517726@N07/7125107251/in/photostream

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no