Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Fråsegn vedteken på landsmøtet:

Språket i Læreplanen Kunnskapsløftet 06

 (02.05.2012)

Læreplanen for norsk skule er eit grunnlagsdokument med eit ordtilfang som har stor påverknad på både munnleg og skriftleg språkutvikling. Læreplanen er eit sentralt fagleg grunnlag i lærarutdanninga, og han er i dagleg bruk i undervisninga i skulen.

Det blir nå laga læreplan for det nye faget, valfag, som skal innførast i ungdomsskulen hausten 2012. Denne læreplanen må vera på nynorsk. Det gjeld alle einskilde fagplanar i dette faget. I høyringsutkastet er alt på bokmål.

Læreplanen Kunnskapsløftet 06 (LK06) har mindre nynorsk enn tidlegare læreplanar. Det bør rettast opp, både i fagplanane for det nye valfaget og i andre fagplanar som nå skal reviderast og vedtakast, til dømes i norsk.

Elevar med nynorsk som hovudmål er utsette for eit stort og tungt bokmålspress. LK06 legg meir og meir vekt på digital dugleik. Der er det meste av informasjon og fagstoff på bokmål. Dette inneber eit større press på nynorsk ordtilfang og dreg nynorsk språkføring i retning bokmål. I tillegg er elevane utsette for eit sterkt bokmålspress, gjennom skjønnlitteratur for barn og unge og gjennom undervisningsopplegg frå ulike føretak og organisasjonar.

Difor er det ekstra viktig å bruka nynorsk i LK06. Språket i læreplanane har staten sjølv fullt og heilt hand om. Om direktorat og departement nå vil styra i tråd med vedteken politikk, i til dømes Stortingsmelding nr. 35, Mål og meining, der det heiter at det nynorske språket skal styrkjast, må elevar, studentar og lærarar få denne støtta som nynorske fagplanar gjev.

Noregs Mållag meiner at tida er inne for å ta språkutviklinga på alvor i praktisk og faktisk språkbruk.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no