Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Takk, Oddny Miljeteig!

 (02.05.2012)

Det går mangt eit menneskje og ser seg fritt ikring for Ivar Aasen si skuld. Tarjei Vesaas, ein sann og ektefødd læresvein av Aasen sjølv, han kunne få sagt det. Noregs Mållag seier det på krus, eller var det frukost-tallerkar?

Og på etterjulsvinteren i år vart orda sanning for så ekstra mange av oss i den forrykande kvervelvinden Utdanningsdirektoratet sende inn over sidemålet og meinte nynorsken – og som Kunnskapsministeren, min kunnskapsminister, ikkje straks fekk fanga og låst ned i ei skuffe for evig gløymsel.

Nynorskfolk veit kor sidemålsåtaka plar koma frå – og kva dei betyr. Karakterfritt sidemål veit me er eit fordekt åtak på nynorsken, uansett vakre ord om dette vakre språket som må få sleppa fri karakteråket. For ein sosialist er det merkeleg å høyra høgresida tala lidenskapeleg MOT karakter, men mot berre ein. Eg skal tru det er av kjærleik den dagen dei også går MOT karakterar i matematikk – nei, forresten, ikkje då heller.

Nynorskfolk er ikkje spesielt konspirative, men me har levd i språkstrid sidan Ivar Aasen. Nynorsken vert aldri sjølvsagd, ikkje i stort, og ikkje for kvar og ein/n. For mange er det eitt av dagens gjeremål, som tannpuss, å bestemma seg for at jo, eg skal skriva nynorsk i dag også. Somme av oss har fått nedlagt ein målpolitisk vaksine i fødselsgåve og har aldri opplevd bokmålet som anna enn eit framandsleg herskarspråk, den moderne utgåva av Riksmålet, som øvrigheita i si tid meinte Herren talte. Men Herren, då han vandra her på jord, heldt seg aldri med embetsstanden og dei den gongen skriftlærde – og riksmålet ville aldri ha vore hans språk. Eg er ikkje blasfemisk, såpass må eit kristeleg menneskje kunna kosta på seg i det året Ivar Aasen etter mitt skjøn så definitivt må kårast til Årets mann – eitt år for tidleg.

For det var 2013 som skulle bli Ivar Aasen sitt år, Ivar Aasen og damene. 200-års-jubileet, eit heilt språkår for alle språk – ja og så røysterettsjubileet for kvinner, 100 år. Men så tjuvstarta altså Ivar Aasen allereie i år, sjølv om eg vil tru at han tenkjer litt med lengt til alle damene han skal få høgtida saman med neste år. Det vil gjera opp for den kona han aldri fekk, tenkjer eg.

Dei siste 29 åra hadde eg verva omlag 2 medlemer til Noregs Mållag. Nei, ikkje to kvar dag – to på 29 år. Heilt til denne januardagen i år, denne ulykksalige januardagen, då SV sin gruppeleiar i Bergen bystyre, altså eg, gjekk totalt i svart. Eg har vore medlem i SV sidan 1978, eg har høyrt til venstresida i partiet like lenge – og eg er forsåvidt van med å vera ikkje heilt på line med partileiinga alltid. Men denne dagen vart annleis. Sjølv om eg aldri har tvilt på Kristin Halvorsen sin sanne og ærlege velvilje for nynorsken. Nei, for det har eg aldri – og eg er heilt trygg på at Kristin kjem til å landa sidemålssaka med fjellstøtt Telemarksnedslag.

Men det kjende eg ikkje denne dagjen i januar. Då gjekk eg berre heilt i svart, og betre vart det ikkje då NRK Hordaland kunne fortelja meg at Unge Høgre i Fana jubla. DET er verkjeleg eit teikn på KRISE. Det var i grunnen fylkessekretæren i Hordaland SV som vekte meg til handling. Han såg på den svarte , vandrande skya med dampen ut øyrene, altså meg, og i solidaritet spedde hanpå utleggingane mine med utvalde nordnorske gloser, ekstra godt sette saman for høvet. «Ja, kunne du tenkja deg å bli medlem i Noregs Mållag?» klemde eg til. Ja, det kunne han sjølvsagt.... sjølvsagt! Hm, eg hadde aldri spurt han før.. ....Så møtte eg brordotter til Åsmund Lien, kav bergensar – jo ho ville gjerne bli medlem i Noregs Mållag. (Men ho var litt i stuss; ho frykta onkelen ville bli litt sur for at ho ikkje hadde meldt seg inn før.)

Og den tidlegare sekretæren i Bergen SV, han som eg har krangla målsak og mållag med i 15 år, kvar dag – han forlanga å bli med i Noregs Mållag. Han visste ikkje at kona hans hadde kome han i forkjøpet med innmelding, ikkje for han, men for seg, men han verva foreldra sine og bror sin – og endå to til til trøyst for meg då ein garva partikamerat av oss begge sa nei.... Elles har eg i grunnen ikkje brydd meg så mykje om dei som sa nei, i det som skulle bli mine heidundrande verveveker for nynorsken, Ivar Aasen og Noregs Mållag – sjølvsagt. Sjølvsagt Noregs Mållag. Noregs Mållag sjølvsagt? Ja, denne ettervinteren vart forsyne meg Noregs Mållag sjølvsagt for ei heil rekkje menneske.

Som Kuberan Thurairajah i SVs bystyregruppe i Bergen (heile bystyregruppa er altså no medlemer i Noregs Mållag – vi sku berre ha vore større, må veta) – han tok saka på kornet som den tamilen frå Sri Lanka han opphaveleg er og har opplevd kva det betyr når skriftspråket eins misser offisiell status. Og Kuberan er ein av mange som har funne målmenneskjet i seg så sterkt at dei har vilja stadfesta det med medlemskap i Noregs Mållag.

Dei fyrste 20 medlemene «mine» trilla inn av seg sjølv, og så vart eg utfordra av journalist Kjetil Gillesvik i VG til å verva 100. Då tok eg mobil-telefonlista mi fatt. Der, viste det seg, der var det haugevis med uforløyste målfolk. Eg måtte skriva lister, og eg lærte meg snarvegane til medlemskap – sms og epost. Og så denne velsigna fjesbokjo som eg såvidt hadde kome meg i gang med – den vart som eit målpolitisk reir, eller eit kaffibesøk, eller kanskje: ein raudvinskveld, om ein vil. Eit nachspiel i Hordaland AUF heldt meg oppdaterte til langt over midnatt ein fredag med kven som no var vortne medlemer – og eg laut sitja oppe for å få notert ned alle saman etter kvart som dei kom drypande inn. Nett som med ordføraren i Fedje, som også er eit nattmennskje og melder opp mållagsmedlemer lenge etter fjøstid. Og nokre susande SV-damer land og strand rundt som vervar i skiløypa og liknande høvelege vervestader.

Veit de, det var hjarteleg, inderleg moro! Og eg må berre vedgå: eg gløymde ut kor eitrande sur eg var. For det fyrste fordi SV-arane stilte seg nærast i kø for å bli medlemer. For eksempel er mesta heile stortingsgruppa vår vortne mållagsmedlemer. For det andre avdi folk i og utanom andre parti gjorde nett det same. AP-nestoren i Bergen refsa meg nærast for ikkje å ha spurt han om å bli medlem då eg møtte han utanfor Rådhuset. Vel, så måtte han ta fram mobilen sin då – og medlem vart han, der og då. I lag med han som han stod og samtala med. Han kjekke karen på Osterøy i Hordaland vart utseld for T-skjorter og nynorskhuer – og eg fekk bli intervjua på TV og seia at det var kjekt!

Gjennom desse vekene då Noregs Mållag auka medlemstalet med langt over 10%, har nynorsken fått mange nye allierte. Om somme av dei nye medlemene skulle glippa, er eg viss på at dei alltid kjem til å bera samkjensla med nynorsken med seg i hjarta. Og det finst framleis mange der ute som ikkje er spurde om å verta medlemer i Noregs Mållag. Mi fremste oppmoding til oss alle etter å ha fått 371 namn – førebels – på mi verveliste (med god hjelp), er at vi må spørja folk om dei vil verta medlemer! (Eg lovar å verva til 400, men eg må få litt tid på meg).

Det kan ikkje få gå mange ulukkelege, uforløyste nynorskingar og ikkje verta spurde om å bli medlemer i Noregs Mållag! For det er, når det røyner på, organisasjonen som er vår styrke. Og det er Noregs Mållag som er garantisten for at du og eg og mange fleire stadig får gå og sjå oss fritt ikring for Ivar Aasen si skuld.

Takk, Noregs Mållag for at de har aksla den oppgåva. For meg har vervinga vore ein måte å gje noko att for at eg får ha min språklege identitet. Ein har ikkje fridom og frigjering utan språkleg fridom og frigjering – takk, Noregs Mållag!


Helsing frå Oddny Miljeteig på det 96. landsmøtet i Noregs Mållag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no