Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Rudi inn i styret

 (09.05.2012)

Nina Berge Rudi frå Sør-Fron vart vald inn i styret i Noregs Mållag.

Nina Berge Rudi er vald til ny styremedlem i Noregs Mållag. (Foto: Kjartan Helleve)

– Eg går inn i styret fordi eg er veldig engasjert i norskfaget. Vi kan påverke korleis det blir, og eg har delvis blitt skremd på nynorsken sine vegner til no. Og eg må seie at eg vart rasande då norskseksjonen min på Vinstra vidaregåande skule fekk brev frå norsklærarar på Ringerike vgs. med spørsmål om vi ville signere eit opprop mot sidemålsordninga, seier Nina Berge Rudi, påtroppande styremedlem i Noregs Mållag.

Det viktigaste faget
– Den viktigaste saka nett no er sjølvsagt norskfaget, seier Nina Berge Rudi, som er norsklektor ved Vinstra vidaregåande skule og kulturbonde ved Rudi gard.
Utfordringane for norskfaget stod òg øvst på agendaen på landsmøtet. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen kom til landsmøtet utan konkrete lovnader, men var tydeleg på at ho ynskjer å styrkje nynorsken både som hovudmål og sidemål.
– Elevane i nynorske kjerneområde, med bokmål som sidemål, er eit bevis på at det går an å bli sterk i begge målformer. Dei lærer språka godt fordi dei møter begge dagleg. Slik opplæringa er i dag, får ikkje elevar i område der bokmål dominerer den same sjansen til å møte begge språka jamleg, seier Nina Berge Rudi. Landsmøtet drøfta kva krav Mållaget har til revisjonen av norskfaget.
– Landsmøtet sa klårt frå at elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen framleis må få ein eigen karakter i sidemålet, helst både som standpunktkarakter og karakter frå obligatorisk eksamen, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Ny rettskriving
– Den andre saka som er viktig nett no, er innføringa av den nye rettskrivingsnorma. Det er viktig at Noregs Mållag og andre nynorskmiljø drøftar kva gjer vi når norma vert innførd 1. august i år, seier Nina Berge Rudi.
– Eg tykkjer Noregs Mållag og lokallaga våre bør vere aktive og ta ansvar for at lærarar og andre som brukar nynorsken dagleg, får nynorskkurs med gode retningslinjer for korleis det er lurt å bruke den nye valfridomen. Kanskje vi rett og slett skal ta på oss å undervise norsklærarar. For mange er dette ein ny sjanse til å lære nynorsken, og denne sjansen skal vi tilby dei, påpeikar Nina Berge Rudi.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no