Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Sogn og Fjordane er det nynorske grunnfjellet

 (10.05.2012)

– Det mest påfallande med språkutviklinga i Sogn og Fjordane er at bruken av nynorsk står så sterkt og er så stabil, medan endringane er så store mange stader elles i landet, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Han har skrive ein rapport om språket i fylket som Nynorsk kultursentrum har laga på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.
– Her står vi på det nynorske grunnfjellet, og det har Sogn og Fjordane vore i snart hundre år, sa Grepstad

Lokalt, regional og nasjonalt
Rapporten er på hundre sider og tek for seg språkutviklinga i Sogn og Fjordane frå 1646 til i dag. Det er første gongen det er laga ein så omfattande dokumentasjon av språket i eitt fylke.
I rapporten får vi både vita korleis det står til med nynorsken i grunnskulen, i vidaregåande, hos dei vernepliktige og på andre viktige område i samfunnet. Så langt råd er, blir opplysningane samanlikna med tilsvarande opplysningar for heile Vestlandet og for resten av landet.
Tendensen er at nynorsken i Sogn og Fjordane held seg stabil både i skule, kyrkje og offentleg forvaltning. Fylket toppar også nynorskstatistikken for Vestlandet på alle punkt. Til dømes har fylket 99 prosent nynorskelevar i grunnskulen og 86 prosent i vidaregåande skule, medan tilsvarande tal for heile Vestlandet er 42 og 23 prosent.
Sogn og Fjordane skil seg også klart ut når det gjeld vernepliktige som skriv nynorsk. Medan heile 87,8 prosent av dei vernepliktige frå fylket nytta nynorsk i fjor, gjorde berre 47,6 prosent frå Hordaland det same. I Møre og Romsdal var nynorskprosenten 29,8 prosent, medan berre 8 prosent av dei vernepliktige i Rogaland nytta nynorsk i fjor.

Stabilt i vidaregåande
Elevar som byter frå nynorsk til bokmål når dei byrjar på vidaregåande er eitt av dei største problema for nynorsken. På landsplan går over halvparten av nynorskbrukarane over til bokmål før dei avsluttar vidaregåande skule. I Sogn og Fjordane er det derimot berre 10 prosent av elevane som gjer dette, viser rapporten.
– Her dreier det seg om grunnfjell av granitt, skriv Grepstad.
Rapporten slår fast at nynorsk har nokså høg status blant tenåringane i fylket samanlikna med resten av landet. Undersøkinga viser mellom anna at ni av ti elevar på Firda vidaregåande skule likte godt eller svært godt å skriv nynorsk, og at dei likte betre å skriva nynorsk enn engelsk – sjølv om dei også likte svært godt å skriva engelsk.
Grepstad legg likevel til at også granitt kan slå sprekker. Rapporten peikar på tendensar til skilnader mellom indre og ytre strøk, og at det som har vore stabilt til no, kan koma til å endra seg.
– Fylkespolitikarane bør ikkje ta situasjonen anno 2012 for gitt, seier Grepstad.

– Bør bli lytta til
Berre 2 prosent av alle nordmenn bur i Sogn og Fjordane. Den særmerkte språksituasjonen gjer likevel at sentrale styresmakter bør lytta til fylkeskommunen når det gjeld politikk som kan få følgjer for språkleg praksis, meiner Ottar Grepstad.
Rapporten slår fast at den posisjonen nynorsken har i Sogn og Fjordane, har hatt mykje å seia for nynorsken nasjonalt.
Sjølv meiner innbyggjarane i Sogn og Fjordane både at det er viktig å bruka meir nynorsk og at alle nordmenn skal læra å skriva både nynorsk og bokmål.
I juni skal fylkestinget i Sogn og Fjordane drøfta politikk for nynorsk i fylket.

Nynorsk Pressekontor
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no