Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Fråsegn vedteken på landsmøtet:

Eit norskfag for framtida

 (15.05.2012)

Norskfaget i grunnskule og vidaregåande skule skal reviderast, og kunnskapsminister Kristin Halvorsen har bedd Utdanningsdirektoratet laga eit framlegg til ny læreplan i norsk. Me er samde med statsråden i at faget må endrast – for at hovudmålet og sidemålet skal styrkjast.

Nynorsk som hovudmål
Noregs Mållag ser det som svært positivt at kunnskapsministeren vil setja inn tiltak for å få nynorskelevar til å halda på nynorsk som hovudmål. Gjennom prosjektet Målstreken, som er eit samarbeid mellom Valdres Mållag og Noregs Mållag, har me sett at det er nødvendig med både kompetanseheving, haldningsendring, statusheving og praktisk tilrettelegging for å styrkja nynorsken i skulen. Nokre av tiltaka krev ein økonomisk innsats. Mellom anna meiner me at det trengst eit vidareutdanningstilbod for lærarar, og øyremerkte midlar til nynorskklassar, slik at små klassar med nynorskelevar ikkje blir samanslått med bokmålselevar. Det er viktig å sikra tilgang på nynorske læremiddel av betre kvalitet enn det me ofte finn i dårlege omsetjingar frå bokmål. Også der nynorsken står sterkt, er det nødvendig med dyktige lærarar som lærer elevane å vera stolte av språket og identiteten sin.

Ulike kompetansemål
Direktoratet har føreslått at det skal innførast ulike kompetansemål for hovudmålet og sidemålet. Noregs Mållag meiner at det må utarbeidast noko ulike kompetansemål for hovudmålet og sidemålet. Det er rimeleg at eleven meistrar best det norske språket han har hatt opplæring i lengst. Elevar som held fast ved nynorsk som hovudmål, meistrar oftast både nynorsk og bokmål. Eit av framlegga frå Kunnskapsdepartementet er at elevar som søkjer opptak til høgare utdanning, skal få eitt ekstra poeng for å ha nynorsk som hovudmål. Etter Noregs Mållag sitt syn er det rimeleg at nynorskelevane slik får synleggjort den ekstra kompetansen dei har i norsk.

Nynorsk som sidemål
Elevane i nynorske kjerneområde, med bokmål som sidemål, er eit bevis på at det går an å bli sterk i begge målformer. Dei lærer språka godt fordi dei møter begge dagleg. Elevar i område der bokmål dominerer, får ikkje den same sjansen til å møta begge språka jamleg, slik opplæringa er i dag. Det er på tide at styresmaktene gir dei den sjansen, ved å tenkja nytt når det gjeld sidemålsundervisninga. Møte med sidemålet i barneskulen er eitt tiltak som viser seg å gi gode resultat. Eit anna er å gi elevane på ungdomssteget nynorske lærebøker i andre fag enn norsk. I ein rapport frå 2006 har Utdanningsdirektoratet òg vist at tidlegare start med skriftleg sidemål fører til betre haldningar til nynorsk som sidemål (Kartlegging av sidemålsundervisningen på 10. trinn og VK1, allmennfaglig studieretning).

Vurdering i norsk
Noregs Mållag meiner at elevane i ungdomsskule og vidaregåande skule framleis må få ein eigen karakter i sidemålet, helst både som standpunktkarakter og obligatorisk eksamen. Me veit at så lenge me har eit skulesystem med standpunktkarakterar og eksamenar, blir desse vurderingane styrande for undervisninga. Dersom det ikkje blir eigen karakter i sidemålet, er me redde at faget blir tona sterkt ned i skulen. Ser ein på læreplanane, ser ein fort at norskfaget har vorte svært omfattande. Me meiner at faget må konsentrerast om det som er det sentrale i norsk: lesing og skriving, og kunnskap om norsk språk og litteratur – på hovudmålet og sidemålet. Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at styresmaktene no må ta omsyn til at fleirspråksituasjonen i landet vårt er ein ressurs som kan utnyttast til å gjera elevane meir språkmedvitne.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no