Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Fråsegn vedteken på landsmøtet:

Høyringssvar om endring av lov om stadnamn

 (15.05.2012)

16. april 2012 la Kulturdepartementet fram eit endringsframlegg til lov om stadnamn, som ei oppfølging av stortingsdokument nr. 8:58 (2007–2008). Landsmøtet i Noregs Mållag, samla til møte 27.–29. april 2012, meiner det er bra at skrivemåten av gardsnamn framleis skal fastsetjast av Statens kartverk, fordi dei er stadnamn og kulturminne med interesse for alle. Derimot meiner vi det er svært uheldig at eigar eller festar av bruk skal ha «det avgjerande ordet i saker som gjeld bruksnamn» (framlegg til endring i § 6).

Det er rettnok teke atterhald i § 8: Bruksnamnet kan få ein annan skrivemåte enn gardsnamnet dersom «eigar eller festar kan dokumentere at denne skrivemåten har vore i offentleg bruk».

Bakgrunnen for kravet om at eigar eller festar skulle kunna vera med og fastsetja gards- og bruksnamn, er at mange ikkje skil mellom slektsnamn og gardsnamn/bruksnamn. Slektsnamn med opphav i gards- eller bruksnamn blir ofte skrivne slik desse vart nedteikna til dansk av prestar og futar på 1500–1800-talet, medan stadnamna altså følgjer lokal uttale og dagens skrivereglar.

Me ser fleire uheldige konsekvensar av dette lovframlegget:
• Det verkar forvirrande og rotete med mange ulike skrivemåtar av bruksnamn med opphav i same gardsnamn, t.d. Vik, Wiik, Vig, Vigh osv.
• Forvanska skrivemåtar som ikkje støttar opp om lokal uttale av eit stadnamn, kan fort føre til at uttalen endrar seg, og stadnamnet som kulturminne blir borte.
• I mange tilfelle kan det vera vanskeleg å skilja mellom gard og bruk.• Det kan vera tvil om kva som skal godtakast som «offentleg bruk» av eit namn, og som kan danne grunnlag for å endre skrivemåten av namnet på bruket (jf. endringsframlegget til § 8).
• Det at brukaren skal avgjera namnet på bruket, kan føre til at eit bruk får endra skrivemåte frå ein generasjon til neste.
• Formuleringa i § 6 om at eigar/brukar skal ha det avgjerande ordet i saker som gjeld bruksnamn, synest å stå i motstrid til formuleringa me siterer frå § 8. Det kan fort føre til strid om korleis lova skal praktiserast.

Dei norske stadnamna, inkludert gards- og bruksnamn, er vår felles eige. Noregs Mållag meiner at stadnamnlova slik ho er i dag, forvaltar gards- og bruksnamn på ein framifrå måte. Ho vernar om namna som kulturminne og sikrar den lokale uttalen, som er ein del av den immaterielle kulturarven vår. Me ber derfor Stortinget om ikkje å gjera endringar i stadnamnlova, men halde på namnefastsetjinga slik ho er i dag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no