Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk mjølk i nynorsk innpakning

 (15.05.2012)

Frå juni vil all mjølk på Vestlandet, bortsett frå H-mjølka, få nynorske kartongar.
– Dette er ei gladmelding for alle mjølkedrikkarar på Vestlandet. Språk er viktig for lokal identitet. Det er bra at Tine no vil bruke nynorsk på kartongane, slik bøndene og forbrukarane har bede om, smiler Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Frå nyåret har Tine levert mjølk frå gardar i den regionen der forbrukarane bur. Men berre éin av tjue gardar har vorte presenterte på nynorsk, sjølv om alle dei fire gardane frå region Vest ligg i nynorskkommunar. Frå juni vil altså all mjølk på Vestlandet, bortsett frå H-mjølka, bli marknadsført på nynorske kartongar.

– Det er tre år sidan Tine slutta å selje nynorsk mjølk i nynorskområda, og i staden valde ”melk” over heile landet. Eg vonar bokmålseksperimentet no vert skrinlagt for godt og at også nynorskområde utanfor Vestlandet får attende tilbodet om nynorsk mjølk, avsluttar Håvard B. Øvregård.

For meir informasjon: Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Bilete av Håvard B. Øvregård.
Illustrasjon frå mjølke-kampanjen til Noregs Mållag i 2009.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no