Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Framlegg til ny læreplan nedprioriterer sidemålet

 (30.05.2012)

Læreplangruppa som Utdanningsdirektoratet har sete ned, har kome med eit utkast til ny læreplan. Sidemålet skal nedprioriterast.

Utdanningsdirektorat går no igjennom læreplanane i engelsk, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag. Evalueringsarbeidet skal i fylgje Utdanningsdirektoratet gjera det enklare for lærarane ”å legge til rette for god progresjon i utvikling av elevenes grunnleggende ferdigheter gjennom hele opplæringsløpet.” Til hausten skal dei endelege framlegga ut på høyring, og dei endelege læreplanane skal takast i bruk i skuleåret 2013-2014.

Alt no har det kome utkast til nye læreplanar. Læreplangruppa i norsk har teke arbeidet sitt seriøst. Frå alle baugar og kantar har det kome kritikk for at læreplanen i norsk har vore for ambisiøs. Særleg sidemålsopplæringa har fått så hatten passar, og denne kritikken ser det ut til at læreplangruppa har lytta til.

Ulike kompetansemål
Framlegget går ut på å stilla andre kompetansekrav i sidemålet enn i hovudmålet. Dette var også noko Utdanningsdirektoratet ynskte i deira no velkjende brev frå i vinter. Dei gjorde framlegg om at ein skulle skriva ”I skriveopplæringen skal elevenes hovudmål prioriteres.” Den setninga er ikkje med i utkastet, men fleire stader i utkastet skil ein likevel. Etter 10.trinn skal ein ”mestre formverk, ortografi, setningsbygning og tekstbinding på hovudmålet”, medan ein i sidemålet berre skal ”mestre sentrale regler i formverket og uttrykke seg med et funksjonelt ordforråd i et bredt utval sjangere”. Utkastet tek til orde for å setja bokmål og nynorsk på dagsorden alt på barnetrinnet, men kravet til skriftleg kompetanse kjem som i den noverande læreplanen ikkje før på ungdomsskulen.

Vg3 utan sidemålsopplæring
Vidare tek læreplangruppa til orde for å avslutta sidemålsopplæringa etter Vg2. Etter det året skal elevane kunna ”skrive drøftinger, utgreiinger og andre fagartikler på hovedmål og sidemål”. Men så er det slutt. Under kompetansemåla for Vg3 står det ikkje eit ord om korkje hovudmål, sidemål eller nynorsk. Dette er på linje med det ”Forum for norskfaget” konkluderte med i sin rapport. Forumet meinte at ”konsentrasjon om sidemålsopplæring på Vg2 gjev meir tid og betre høve til å konsentrera seg om skriftleg hovudmål på Vg3, noko som ikkje minst er viktig for elevar med nynorsk som hovudmål.” Framlegget understrekar likevel nedprioriteringa. Vg2 skal framleis innehalde mykje meir enn berre sidemålsopplæring, men timetalet blir ikkje auka. I Vg3 legg ein opp til meir enn femti timar meir norskundervisning enn året før. Men då altså utan sidemålsundervisning.

Ingenting om vurdering
Korleis ein skal prøvast i faget er uklårt. I den gjeldande læreplanen er dette spesifisert. ”Forum for norskfaget” var klår på at framlegget om å avslutta sidemålsopplæringa etter Vg2, måtte fylgjast opp med ein obligatorisk eksamen i sidemålet, pluss at det måtte vurderast om ein måtte ha ein eigen samla standpunktkarakter. Utdanningsdirektoratet var langt i frå så oppteken av vurdering i sidemålet. Dei ville berre ha sidemål som trekkfag i Vg3. I utkastet som no ligg føre står det ”Vurdering i faget: Forslag utarbeides separat.”

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no