Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Fråsegna vart oversendt til styret frå landsmøtet:

Tekstkorpus av eksamenssvar i norsk gjev betre kunnskap om norskfaget

 (31.05.2012)

Noregs Mållag er oppteke av at ordskiftet om norskfaget og norskopplæringa i skulen er kunnskapsbasert. Det er eit stort offentleg ordskifte om norskfaget og elevane sin norskkompetanse, og korleis elevane skriv etter avslutta utdanning er særs viktig kunnskap som bør liggja til grunn både for norskfagsordskiftet og staten sine endringar og revisjonar av norskfaget.

I dag nyttar ein ikkje dei høva ein har til å undersøkja elevane sin norskkompetanse. Det som ikkje er blitt gjort, er å undersøkja direkte kor godt norske skuleelevar skriv morsmålet sitt, anten det gjeld hovudmål eller sidemål. I dag er det mogleg å undersøkja skriftmålskompetansen til skuleelevane direkte. Dette kan ein gjera ved å laga eit elektronisk korpus – ei tekstsamling – av alle avgangsprøvene. Oppgåvene blir alt leverte som digitale dokument. Det einaste ein må gjera er å koda dei for målform og om det er hovudmål eller sidemål. Når dette er gjort, kan ein lett undersøkja både formelle sider ved språket - som rettskriving og teiknsetjing - og ordtilfang og uttrykksevne. Ein kan også sjå på korleis oppgåvene blir oppfatta og forstått av elevane.

Svært mange spørsmål som vi no drøftar på grunnlag av påstandar, kan vi då finna direkte svar på: Til dømes om det er sant at elevar som har undervisning i skriftleg sidemål er dårlegare i hovudmålet enn dei som ikkje har det, eller om det er samanhang mellom hovudmålskarakter og sidemålskarakter. Det er ikkje rett å handsama så viktige spørsmål på grunnlag av andrehands rapportar og meiningar. Sakvurderingar skal gjerast på grunnlag av kunnskap, og det er ikkje haldbart at vi manglar kunnskapen om norsken elevane skriv.

Dette tekstkorpuset må sjølvsagt nyttast på ein forsvarleg måte. Persondata må anonymiserast, og det må setjast kriterium for tilgang til tekstkorpuset. Samstundes må det leggjast til rette for bruk av tekstkorpuset slik at ein unngår situasjonar som i 2010/2011, då Språkrådet ynskte å kartleggja bruken av nynorsk hjå elevar i vidaregåande skule som del av arbeidet med ny norm for rettskriving av nynorsk, men ikkje fekk tilgang til avgangsoppgåvene.

Noregs Mållag bed Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet om å gjera det som er naudsynt for å få avgangsprøvene i norsk skriftleg, helst alt frå og med våren 2012, samla i eit korpus og syta for at korpuset blir brukt til å kartleggja skriftmålskompetanse ved skuleslutt.

***
Fråsegna vart oversendt til styret frå landsmøtet i april. Deretter har styret redigert fråsegna og denne versjonen er vedteken i styret.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no