Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tidleg start er avgjerande for ei god nynorskopplæring

 (03.06.2012)

På landsmøtet til Noregs Mållag inviterte kunnskapsminister Kristin Halvorsen til debatt om korleis resultatet av revisjonen av læreplanen i norsk skal styrkje nynorsk som både hovudmål og sidemål. No er eit utkast til revisjon klar. Noregs Mållag meiner den retninga som no er skissert frå Utdanningsdirektoratet, vil svekkje nynorsk som offisielt språk i Noreg.

Læreplanen er blitt stramma inn, er tydlegare og har betre progresjon, men dette har diverre ikkje styrkt nynorsken. Det som kunne vore ei storstilt satsing på tidleg start med nynorsk, er i framlegget frå Utdanningsdirektoratet til revidert læreplan i norsk redusert til vage formuleringar om lytting og lesing. Noregs Mållag meiner det er bra at begge dei norske språka får plass i læreplanen allereie frå 2. trinn av, men det er for lite og utydeleg.

Vi har ynskt oss skriftleg opplæring i sidemålet så tidleg som i 4. trinn, men i fylgje utkastet til læreplan som no ligg føre, skal elevane ikkje før i 7. trinn ta til med å ”eksperimentere med ulike språkvarianter i egen skriving på bokmål og nynorsk, dialekt og gruppespråk”. Med dei svake formuleringane om lesing i begge språk på dei tidlege trinna fryktar vi at opplæringa i realiteten kjem til å innehalde eit minimum av tekstar på nynorsk. Undersøkingar syner at bokmålselevar på ungdomssteget som startar med nynorskopplæring tidleg, får meir positive haldningar til faget.

Utdanningsdirektoratet seier ingenting om kva vurderingsformer dei ser føre seg i det framtidige norskfaget i denne omgang. Vurderingsformer, karakterar og eksamenar er undervisningsstyrande. Det er då uryddig ikkje å gå inn på vurderingsformene i norskfaget no, slik dei andre læreplannemndene har gjort. Kunnskapsdepartementet skriv sjølv i brev til Utdanningsdirektoratet 08.02.12: ”Ein må sjå alle endringar i læreplanen i samanheng med vurderings- og eksamensordninga i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa”.

For at ordskiftet om framlegget som ligg på bordet, skal verte fruktbart, er det avgjerande at Utdanningsdirektoratet lettar på sløret og gjev innsyn i korleis dei tenkjer kring vurderingsordninga.

I framlegget til revidert læreplan i norsk er det lagt opp til ulike kompetansemål i hovudmål og sidemål og avsluttande sidemålsopplæring i Vg2, samstundes som det er uklart om det vert eigen sidemålskarakter. Dette er eit alvorleg trugsmål mot nynorsken si stilling i Noreg. Kompetansemål og vurderingsordningar må styrkje nynorsk både som hovudmål og sidemål.

Stortingsmeldinga ”Språk bygger broer” seier at ”Det overordnede målet i den generelle norskplanen i Kunnskapsløftet er at alle elever skal få en bred språkkompetanse som omfatter kompetanse i både bokmål og nynorsk.”

Styret i Noregs Mållag meiner primært at norskfaget på vidaregåande nivå må innebere at det blir undervist i begge målformene i alle tre åra på vidaregåande skule, og at alle elevane til slutt vert testa skriftleg både i bokmål og nynorsk, fordelt på to eksamensdagar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no