Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kjærleik. Audmjuk. Heim.

 (05.06.2012)

Utdanningsdirektoratet ville ha mindre nynorsk. Det fekk Hadia Tajik til å skrive meir.

24. januar vart det kjent at Utdanningsdirektoratet ikkje var heilt overtydd om at sidemålet hadde ein rettmessig plass i skulen. Det fekk Frp-politikar Hanne Blåfjelldal til å kvitre på Twitter: ”Har betalt medlemskontingenten min i Noregs mållag i dag. God dag å bruke litt pengar på nynorsk.” Stortingsrepresentant Hadia Tajik frå Arbeidarpartiet var ikkje sein med å svare: ” Det minner meg om at jeg har glemt å betale kontingenten min! Skal gjøre det snart.” Og dagen etter kvitra ho: ”Del favorittorda dine på #nynorsk her. Eg likar: Kjærleik. Audmjuk. Heim.” Og sidan har Tajik halde seg til nynorsk i dei sosiale media.

– Diskusjon om sidemålet sin plass i skulen vart reist på nytt i samband med gjennomgangen av læreplanen i norsk. Diskusjon om sidemålet er også ein diskusjon om verdien av nynorsk. Eg har vakse opp i Strand kommune og hadde nynorsk som hovudmål fram til slutten av ungdomsskulen. Då vart eg ein av dei mange som går over til bokmål ved overgangen til den vidaregåande skulen, og har stort sett skrive bokmål sidan. Eg reflekterte nok ikkje over det så mykje over den gongen, meir då eg studerte journalistikk. Skulle eg arbeide i dei største avisene, så var det var bokmål som gjaldt.

Likevel har eg alltid meint at nynorsk er viktig. Å berre snakke om det som kulturarv, får det til å høyrast forhistorisk ut. Det er like mykje ein del av norsk samtid. Og når eg meiner det, så bør eg òg ta konsekvensen av det, og sjølv bli ein av dei som bruker og held oppe bruken av nynorsk. Når det er sagt, så skriv eg framleis mykje på bokmål.

– Er det ikkje rart at du no som stortingsrepresentant kan nytte nynorsk som du vil, medan det var problematisk i tida frå ungdomsskulen og hit?

– Ein kan jo diskutere om det var eit problem eller om det var eg som gjorde det til eit problem. Det handlar jo litt om ei haldning om at det blir så vanskeleg med nynorsk. Men som journalist var det jo hinder. Eg skreiv ei sak på nynorsk om Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i Aftenposten. Det var berre ei lita fast spalte med nokre faste spørsmål. Men sjølv då var det diskusjonar på redaktørplan om det greitt.

– I kva grad skal politikarane leggje seg opp i innhaldet i skulen?

– Politikarane skal leggje seg opp i innhaldet i skulen, men det skal ikkje styrast i detalj. Spørsmålet om nynorsken sin plass, treng heller ikkje vere eit politisk spørsmål. Det er grunnlag for å hevda at det å få opplæring i sidemål og hovudmål, gjer det lettare å lære seg andre språk. Slik blir det ikkje eit spørsmål om politikk, men om læringsutbytte, om å leggje grunnlag for vidare læring.

– Kva trur du om vegen fram?

– Me som vil nynorsken vel, må nok vere opne for at det kan kome endringar, også i måten ein blir prøvd i sidemålet. Men ein må bli prøvd. Om ein ikkje gjer det, om ein ikkje kjem opp til eksamen i faget, så er eg redd for at ein ikkje tek faget alvorleg nok. Sidemål må vere ein del av ein avsluttande eksamen. Eigentleg er jo ikkje dette berre eit skulespørsmål, det er også eit samfunnsspørsmål. Skulepolitisk er eg optimistisk, i den forstand at eg trur me kjem til å lande på noko som er betre enn den ordninga me har i dag. Det forandrar likevel ikkje det faktum at hovuddelen av dei språklege inntrykka me får, er i form av bokmål.

Kjartan Helleve
Artikkelen står på trykk i Norsk Tidend 3 / 2012.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no