Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Einfrid Perstølen er 95 år

 (15.06.2012)

Einfrid Perstølen og Håvard B. Øvregård (Foto: Aud Søyland)
I dag fyller Einfrid Perstølen 95 år. Ho er heidersmedlem i Noregs Mållag. I høve dagen reiste Håvard B. Øvregård og Aud Søyland heim til henne i Asker og overrekte blomehelsing frå Mållaget.

Ho vart fødd 15. juni i 1917 på Ål. Ho er utdanna spesialist i psykiatri og barnepsykiatri. Frå 1976 var ho ein mykje brukt radiokåsør og var med i medisinarmållaget Eir. Ho har tala varmt og arbeidde hardt for mange nynorske kampsaker som nynorske frimerke og pengesetlar. Då oppsøkte ho jamvel seteltrykkeriet til Noregs Bank for å kjenne saka best mogleg.

Heidersmedlemer feirer 100-årsjubileum for Mållaget: Einfrid Perstølen (t.v) og Olga Meyer.
Einfrid Perstølen vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag allereie i 1992. Ho sat i styret i Noregs Mållag frå 1965 til 1967 og frå 1970 til 1971. I alle desse åra var ho også medlem i arbeidsutvalet og eitt var dei var ho også nestleiar.

Utetter 70-talet systematiserte Mållaget arbeidet med å klage på språkdiskrimineringa i styringsverket. I dette arbeidet var Einfrid Perstølen ein av dei sentrale. Ho var med i ei eiga mållovsnemnd, og Noregs Mållag gjorde seg gjeldande i førebuinga av den nye lova om målbruk i offentleg teneste som vart vedteken av Stortinget i 1980.

Ho var ein av Noregs Mållag sine to representantar i Norsk Språkråd frå 1976 -1984.

Her finn du oversikt over alle nolevande heidermedlemene til Noregs Mållag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no