Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag flyttar!

 (15.06.2012)

Noregs Mållag er i ferd med å flytte til Lilletorget 1. Det kan difor vere vanskeleg å få fatt i oss dei neste vekene.

Alle dei tilsette på skrivarstova i Oslo er involvert i flyttinga. Det kan difor vere ekstra vanskeleg å få fatt på oss på telefon. Sjå innom denne lista over dei tilsette, så finn du mobiltelefonnummeret til kvar av oss. For dei som er mest involvert i flyttearbeid vil andre arbeidsoppgåver bli liggande nokre veker.

Det nye kontoret har blitt måla opp att, golva har blitt bona, alt frå den gamle skrivarstova skal pakkast i kasser eller kastast. I tillegg er det tinga nokre nye møblar og sjølvsagt endå fleire bokhyller (det er trass alt Noregs Mållag vi snakkar om).

Den 22. juni skal heile flyttinga vere overstått, men vi reknar med at det endå vil gå fleire veker før alt er i orden i dei nye kontorlokala. Frå no av får vi felles besøks- og postadresse, og mange er spesielt glade fordi vi kjem til eit kontorbygg med heis.


Ny besøks- og postadresse er Lilletorget 1, 0184 OSLO.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no