Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nytt og betre nettkurs i nynorsk frå Språkrådet

 (03.07.2012)

Språkrådet har lansert eit nytt nynorskkurs. Kurset rettar seg særleg mot elevar i den vidaregåande skulen og offentleg tilsette, men er ope for alle. Innhaldet er laga i tråd med den nye nynorskrettskrivinga som gjeld frå 1. august. Kurset erstattar dei populære nynorskoppgåvene som tidlegare låg på nettstaden til Språkrådet.

– Skuleelevar og statstilsette treng å meistre begge målformene i kvardagen. Vi trur det nye kurset vil gjere det enklare og meir motiverande å trene på nynorsken, seier fagkoordinator i Språkrådet, Sigfrid Tvitekkja.

Quiz, utfylling og omsetjing
– Dei som brukar kurset, får raske og konkrete tilbakemeldingar på kva dei kan, og kva dei må øve meir på. Øvingane er varierte, med quizoppgåver, utfyllingsoppgåver og omsetjingsoppgåver. Brukarane kan setje saman øvingsrekkjer med dei emna dei vil trene på, og dei kan slå opp i ein kortfatta nynorsk grammatikk undervegs, seier Ragnhild Ås, nettredaktør i Språkrådet.

Kurset inneheld også tips til elevane om korleis dei blir betre i nynorsk, det inneheld faktatekstar om nynorsk og undervisningstips til lærarane. Her er lenkjer til kurset og øvingane:
Nynorskkurset
Øvingsrom for elevar i den vidaregåande skulen
Øvingsrom for offentleg tilsette

Ny rettskriving, nytt kurs
Øvingsoppgåvene og minigrammatikken i kurset følgjer den nye rettskrivinga for nynorsk som vert innført 1. august i år. Språkrådet har laga ein brosjyre som forklarar hovudendringane i den nye rettskrivinga. Last ned brosjyren her.

– Vi håper at mange vil bruke kurset og brosjyren til å gjere seg kjend med den nye rettskrivinga, seier Sigfrid Tvitekkja.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no