Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Læreplanarbeid i feriesvime

 (06.07.2012)

– Skal vi dømme etter tredjeutkastet til ny læreplan i norsk, har Utdanningsdirektoratet hamna fullstendig i feriesvima. Dette ser ut som ein dårleg reprise – her er tilnærma null progresjon frå andreutkastet, som var kjemisk fritt for den styrkinga av sidemålet som alle tre regjeringspartia lova dyrt og heilag før valet i 2009, seier Vebjørn Sture, påtroppande leiar i Norsk Målungdom.

Torsdag 5. juli publiserte Utdanningsdirektoratet tredjeutkastet til ny læreplan i norsk. Vebjørn Sture meiner det nye utkastet feilar på fem hovudområde:

– Heng ikkje på greip
– For det fyrste er utkastet så å seie ein kopi av andreutkastet, og det legg såleis opp til den same brutale nedskjeringa av sidemålet. Problemet i dag er at mange elevar ikkje får tid eller høve til å lære sidemålet sitt skikkeleg. Utdanningsdirektoratet ser ut til å tru at dette kan løysast ved å fjerne sidemål frå VG3, og kutte det kraftig på ungdomstrinnet. Det heng ikkje på greip, forklarer Sture.

– Ei av dei få endringane som er gjort frå andreutkastet, er at nedprioriteringa av sidemål blir uttrykt spesifikt i føremålet for faget. Med andre ord: Det skal frå no av vere ein målsetnad i seg sjølv at elevane ikkje meistrar sidemålet sitt skikkeleg. Dette rimar mildt sagt dårleg med Kristin Halvorsens valløfte om å forbetre sidemålsopplæringa, påpeiker Sture.

– Direktoratet er uinteresserte
– For det tredje er den tidlege sidemålsoppstarten framleis totalt fråverande. Ei av dei største ulempene med dagens sidemålsordning er at elevane ikkje får lære sidemål før på ungdomstrinnet. Den opplæringa burde starta mykje tidlegare, medan ungane har større evne til å lære språk, og færre språklege fordommar – til dømes i fjerde klasse. Tidleg oppstart har dei testa med hell på Våland skole i Stavanger, noko vi påpeikte då andreutkastet kom i mai. Men direktoratet er tydelegvis ikkje interesserte i å høyre på konstruktive innspel, sukkar Sture.

– Vidare er det eit problem at læreplanen ikkje tek høgd for at nynorsk- og bokmålselevar har heilt ulike vilkår for å lære sidemål. For mange bokmålselevar er sidemålet usynleg i kvardagen, til dømes grunna nynorskforbodet i VG og Dagbladet. Av same grunn er bokmålsdominansen så stor at mange nynorskelevar treng mykje mindre opplæring for å meistre bokmål. Dette hoppar læreplanutkastet fullstendig bukk over, seier Sture.

– Legg lokk på vurderingsdebatten
– Til sist kjem utkastet også utan å seie noko om vurdering i faget. Det er ein feig måte å vri seg unna debatten om vurderingsformer. Dersom læreplanrevisjonen skal ha demokratisk legitimitet, kan korkje direktoratet eller statsråd Halvorsen leggje lokk på karakter- og eksamensspørsmålet på denne måten. Det burde vere ein heilt sjølvsagt del av den generelle læreplandiskusjonen, slår Sture fast.

Eitt lyspunkt
Jamvel om den nye målungdomsleiaren er lite begeistra for læreplanutkastet, finn han framsteg på eitt punkt frå andreutkastet til tredjeutkastet:

– I kompetansemåla for VG2 blir det presisert at elevane skal «mestre språklige formkrav på hovedmålet og sidemålet». Direktoratet kunne gjerne spesifisert grundigare kva dette vil seie, men det er eit steg framover. Samstundes kan ein jo spørje seg kor godt det heng i hop med resten av læreplanen. Elevane kjem ikkje til å meistre sidemålet sitt særleg godt etter VG2, dersom det blir redusert til eit minimum på ungdomstrinnet, avsluttar Sture.

Meir informasjon:
– Vebjørn Sture, påtroppande leiar i Norsk Målungdom, 924 16 527, vebjorn@nynorsk.no
– Pressefoto ligg på http://målungdom.no/presse. Bileta kan nyttast vederlagsfritt. Krediter Odin Hørthe Omdal/NMU.

– Tredjeutkastet til ny læreplan i norsk: http://www.udir.no/Upload/larerplaner/Utkast/gjennomgaende/tredjeutkast_lp_norsk.pdf?epslanguage=no
– Andreutkastet til ny læreplan i norsk: http://www.udir.no/Upload/larerplaner/Utkast/gjennomgaende/Utkast_lp_norsk.pdf?epslanguage=no
– Noverande læreplan i norsk: http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=0&gmi=167313
– TV Vest-reportasje frå sidemålsforsøket på Våland skole: http://www.tvvest.no/Video/Aktuelt/Siste-innslag/2011-innslag/2011-03-innslag/Valand-elever-med-tidlig-sidemalsoppstart/

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no