Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sidemålsordninga må styrkast

 (27.07.2012)

Stortingsrepresentant Hadia Tajik er inne på noko vesentleg når ho i eit lesarbrev 10. juli vil introdusere nynorsk tidlegare i barneskulen. Dette er eit godt poeng og også mange andre har delteke i ordskiftet om sidemålsordninga. Men når Hadia Tajik argumenterer for kvifor sidemålsordninga vert betre om ein sluttar å dokumentere kunnskapen i faget, er det ikkje så lett å følgje med. Ho meiner at ein karakter er ei meir «berekraftig løysing som gjev rom for nynorsken og integrerer ho betre i norskfaget». Noregs Mållag er som ho sjølv peikar på, usamde i den konklusjonen.

Vi meiner ein felles karakter i norsk er uheldig, ikkje berre fordi vi veit at karakterar er undervisningsstyrande, men òg fordi vi meiner at det er viktig å få dokumentert den kompetansen ein faktisk har i dei to norske språka. Det skjer ikkje nokon andre stader i vidare utdanning, ikkje eingong dei som utdannar seg som norsklærarar får dokumentert sidemålskompetansen sin etter at dei har gått ut av vidaregåande skule. Når Tajik meiner det er like rart med to ulike karakterar i norsk som om vi skulle hatt eigen karakter i algebra og geometri, er dette ei samanlikning som fell på si eiga urimelegheit. Nynorsk og bokmål er to jamstelte språk med ulik historisk og språkleg opphav.

Alle statustap for sidemål har ført til lågare sidemålskompetanse. Då skriftleg eksamen i Kunnskapsløftet vart gjort til trekkfag på VG3, var oppsummeringa frå ei evaluering gjort for Utdanningsdirektoratet samanfatta slik: «Lærerne mener de ikke har nedprioritert faget, men sensorer mener på bakgrunn av sensuren at kvaliteten på sidemålskompetansen har gått ned.» (Rambøll 2010, s. 4)

Om det så vert ein samla norskkarakter, meiner vi at sidemålskompetansen må dokumenterast gjennom ein eigen avsluttande eksamen og på denne måten få ein eigen karakter. Tajik vil la elevane få ein del av eksamen på nynorsk og ein del på bokmål. Om Tajik her vil ha attende felles eksamensdag for hovudmål og sidemål, så har dette tidlegare synt seg som ein svært dårleg ide. Dette vart innført som eit forsøk våren 2008, men etter heftige protestar frå lærarar, elevar og fagfolk, vart forsøket avlyst same året. Ikkje berre var ordninga upopulær, ho synte òg at elevane fekk dårlegare resultat. «Resultata var overraskande og markant dårlegare. Elevane er frustrerte», sa rektor Johnny Tindvik ved Marikollen skole i Bergen til Bergens Tidende.

To stortingsmeldingar, «Mål og meining» frå Kulturdepartementet og «Språk bygger broer» frå Kunnskapsdepartementet, begge frå den raudgrøne regjeringa, slår fast at sidemålsordninga «må utviklast og utbetrast, ikkje reduserast». Mållaget er samde med Tajik i at sidemålordninga må styrkast, men vi ser ikkje at færre karakterar eller felles eksamensdag er den medisinen som må til. Heldigvis finst det mange andre gode og velprøvde døme på kva som skal til for å gjere sidemålsopplæringa betre, og som fleire skular har hatt stor suksess med. Tidleg start er ein av dei, ein annan er sidemål i andre fag enn norsk. Og så må elevane få vite kvifor dei skal lære seg to norske språk, med ulike historiske og språklege opphav.

Janne Nygård,
nestleiar i Noregs Mållag

***
Bilete av Janne Nygård: http://malungdom.no/media/filer_private/2011/03/27/janne-nygard-foto-odin-horthe-omdal.jpg
Kontaktinformasjon: http://www.nm.no/styre.cfm?path=10199

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no