Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk kultursentrum tek over Allkunne

 (13.08.2012)

Nynorsk kultursentrum satsar på Allkunne og kjøper alle aksjane i selskapet.

Styra i dei to tidlegare eigarselskapa, Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum, står samrøystes bak kjøpsavtalen der Nynorsk kultursentrum kjøper aksjane til Samlaget.
På generalforsamling 27. juni 2012 blei styret i Nynorsk kultursentrum valt til styre i Allkunne AS. Tilsette og redaksjon blir med vidare. Allkunne og Samlaget skal framleis samarbeide om innhald.

Allkunne AS er eit nynorsk, digitalt oppslagsverk som er gratis tilgjengeleg på internett og som mobilapplikasjon. Dei tilsette har kontor i Ivar Aasen-tunet.

- Endringa på eigarsida inneber at Nynorsk kultursentrum i tida framover vil satse tungt på å utvikle Allkunne AS vidare, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Reidar Sandal.

Allkunne skal framleis utvikle elektronisk kvalitetsinnhald på nynorsk som når ut til mange, er fagleg og språkleg påliteleg, og som er til nytte for både skuleelevar og vaksne nettbrukarar.

- Det er eit stort behov for redigert røynd og meir digitalt stoff på nynorsk som er fagleg påliteleg og språkleg godt, seier Sandal.

Allkunne har i dag om lag seks tusen artiklar og veks heile tida. Artiklane femner om nynorsk kulturhistorie, men også emne som filosofi, naturvitskap, samfunnsvitskap, jus og politiske biografiar. Målgruppa til Allkunne er skuleelevar og folk flest

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no