Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Millionar til nynorskprosjekt i folkebiblioteka

 (13.08.2012)

Fritt Ord har delt ut 2,2 millionar kroner til prosjekt som skal auka formidlinga av nynorsk litteratur i folkebiblioteka.

I vår lyste Fritt Ord ut tilskot på kr 50 000 til formidling av nynorsk litteratur i norske folkebibliotek. Stiftinga mottok 93 søknadar, og har vedteke å støtte prosjekta til 44 søkjarar. Til saman blir det delt ut 2,2 millionar kroner, fordelt på tiltak over heile landet.

Fritt Ord har prioritert prosjekt som er nyskapande, og har lagt vekt på å vise breidda og idérikdomen blant dei innkomne prosjekta. Dei utvalde prosjekta dekkjer emne som sjølvforståing på Hedmarken, Hulda Garborg sitt liv og forfattarskap og nynorske twitternoveller. Formidlingsarbeidet har form av teateroppsettingar, konsertar, kurs, føredrag og forfattarmøte. Tiltaka er retta mot alle aldersgrupper.

Fritt Ord ønskjer med tildelingane å stimulere til formidling av nynorsk skjønn- og faglitteratur, vekkje interesse for lesing og fremje lokalt ordskifte. Prosjekta skal gjennomførast hausten 2012 eller i 2013.


Utvalde eksempel på støtta prosjekt:
Hulda Garborg-prosjekt
150-års jubilant og «nynorskens mor» Hulda Garborg (1862–1934) er tema for fem prosjekt ved Ryfylkebiblioteket Forsand, Skien bibliotek, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Bergen Offentlige Bibliotek. Garborgs sitt liv og forfattarskap blir formidla gjennom føredrag, figurteater og forteljarframsyningar.

Deichmanske hovedbiblioteket, «Nynorsk i 140! Nynorske Twitternoveller – #Nynov»
Prosjekt med twitternoveller på maksimalt 140 teikn lagt til tre Deichman-filialar. Nynorsk- og bibliotekbrukarar inviterast til å twitre nynorske noveller. Kjende forfattarar blir også bedne om å komme med bidrag.

Ringsaker bibliotek, «Hedmarking – je?»
Ringsaker bibliotek og Klaape Kulturformidling samarbeider om ulike arrangement som utforskar lokal sjøvforståing. Søkjarane er «på leit etter heimstader, bygdedyr og innlandsidentitet(ar)».

Voss bibliotek, «Nynorsk damevår»
Arrangementsrekkje med kvinnelege skjønn- og faglitterære forfattarar i Voss bibliotek, med etterfølgjande musikkinnslag. Serien er knytt opp mot 200-årsjubileet for kvinneleg stemmerett i 2013.

Sjå heile oversynet her.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no