Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Får ikkje lærebøker på nynorsk

 (16.08.2012)

– Retten til å velje nynorsk som hovudmål gjeld i praksis ikkje for alle. Elevar som går på privat vidaregåande skule, eller tek fag med små årskull, har ikkje lovfesta krav på nynorske læremiddel. Det bør dei få med det aller første, krev Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

Sidan syttitalet har det vore lovfesta at lærebøker skal liggje føre på både nynorsk og bokmål til same tid og lik pris. Privatskuleelevar får derimot ikkje nyte godt av denne retten, og det finst også unntak for læremiddel i fag som har årskull på mindre enn 300 elevar. Målungdomsleiaren meiner desse unntaka bør fjernast.

Retten er ikkje realisert
– For dei fleste er det praktisk umogleg å halde på eit hovudmål som dei ikkje eingong får møte i lærebøkene. Å få læremiddel på nynorsk er difor ein føresetnad for retten til å velje nynorsk som hovudmål. I eit språkleg likestilt land som Noreg bør den retten realiserast for alle, uavhengig av kven som eig skulen eller kva studieprogram eleven har valt, forklarer Sture, som meiner endringane bør skje raskt.

– Det er ikkje mange dagar igjen til endå eit årskull med nynorskelevar får møte språkkuing i praksis. Nokre kjem til å byrje på privatskular, andre kjem til å byrje på små yrkesfag, og mange av desse kjem til å få læremiddel på feil mål. No må regelverket strammast opp og pengane kome på plass, slik at vi kan gjere dette til den aller siste hausten der nynorskelevar blir tvungne over til bokmål ved skulestart, forlangar den yrkesfagsutdanna målungdomsleiaren.

Språkpolitisk sveitsarost
Sture er nøgd med at læreboksituasjonen for «vanlege» elevar har blitt langt betre dei siste åra, etter at svært mange nynorskbøker mangla då Kunnskapsløftet nettopp var innført. No meiner han det er på høg tid å gje like gode vilkår til alle.

– Retten til å velje hovudmål er i dag ein språkpolitisk sveitsarost – han er full av hòl. Kva er logikken i at dei individuelle elevrettane dine berre gjeld dersom du tek vanlege fag på ein offentleg skule, undrar Sture avslutningsvis.

Pressemelding frå Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no