Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Korleis løyser kommunane språkutfordringane

 (16.08.2012)

Arbeidsinnvandrarar frå EU har ikkje krav på språkopplæring. LNK etterlyser difor no erfaringar frå medlemskommunane på korleis dei har løyst den utfordringa.

– Som ordførar i Time kommune, frå 1999 til 2001, har eg sett kor problematisk det kan vere for kommunane som har desse i arbeid. Ikkje minst gjeld dette innanfor omsorgsektoren, der ein ofte fekk tilbakemeldingar på at norsk-kunnskapen var mangelfull. Det slit på det kollegiale samhaldet, men kan og føre til store mistydingar, både i forhold til pårørande og dei som bur på institusjon, seier Arnfinn Vigrestad.

Styret i LNK har no engasjert Vigrestad og Jan Magne Dahle til å kartlegge korleis ein kan betre denne situasjonen. I samband med det vil dei gjerne høyer kva erfaringar andre kommunar har gjort seg, og om det er nokre kreative løysingar der ute.

– Etter at me no forhåpentlegvis får inn mange gode innspel frå LNK-kommunane, vil me samle det materialet me har, og staka ut kursen vidare. Me har vore i kontakt med alle partia på Stortinget og fått verdifulle tilbakemeldingar frå sentrale politikarar om korleis dei ser på dette. Me vil og gjerne få med KS på laget, seier Vigrestad.

Ingen tar ansvar
Han viser til at språktilbodet arbeidsinnvandrarane har varierer frå kommune til kommune.

– Ingen kjenner og tar ansvar. Mest energi blir brukt på å skaffe seg den nødvendige arbeidskrafta, ikkje å bruke ressursar på språkopplæring. Eg trur og at det heng saman med at mange definerer oppgåva som arbeidsgjevaren sitt ansvar, eit ansvar mange ikkje tek.

Vil lukkast betre
Arnfinn Vigrestad meiner ein i første omgang bør få fram at dette er ei reell utfordring, både i privat, men ikkje minst og i offentleg sektor.

– Så må styresmaktene seie noko om kven som har ansvaret for språkopplæringa for denne gruppa. Til sist må det lagast undervisningsopplegg, gjerne nettbasert, som kommunar, offentlege etatar og private verksemder kan bruka. Målet er at betre språkopplæring skal gjere både integreringa og arbeidssituasjonen enklare.

– Håpet er at arbeidsinnvandrarane, som me vert endå meir avhengige av i åra som kjem, skal få ei grundig opplæring i norsk språk. Dette både for at dei lettare skal kjenne seg heime i samfunnet vårt, men ikkje minst for å kunne utføre ein betre jobb. Dersom dei blir betre i norsk vil det gi dei ei større kjensle av å lukkast på arbeidsplassen. Me vil få meir tilfredse arbeidstakarar og ikkje minst eit tryggare arbeidsmiljø for både tilsette og dei som skal ha tenestene.

For meir informasjon, ta kontakt med Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK, på telefon 90 50 66 17.

Pressemelding frå LNK
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no