Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Difor byter nynorskelevar i Valdres til bokmål

 (22.08.2012)

– Det er ikkje nok å ha nynorsk på skulen for at ungdom skal halda på nynorsken, seier prosjektleiar Karen Marie Kvåle Garthus, til Nynorsk Pressekontor.

Ho er leiar for prosjektet Målstreken og har undersøkt kor mange nynorskbrukande elevar i Valdres som går over til bokmål, og kvifor dei gjer det.
I eitt av dei gamle kjerneområda til nynorsken byter i dag 75 prosent av nynorskelevane til bokmål før dei er ferdige med vidaregåande skule, kjem det fram i rapporten.
Når elevane blir spurde om kvifor dei går over til bokmål, er det viktigaste argumentet at det er lettare. Andre meiner dei får bruk for bokmål i arbeidslivet.
– I tillegg spelar det inn at bokmål er det dominerande språket og at dei meiner dei får betre karakter i hovudmål om dei byter til bokmål. Negative haldningar er også tydelege i materialet, heiter det i pressemeldinga om den ferske rapporten.

– Sårbare for press
Kvåle Garthus meiner dette viser kor sårbare elevar med nynorsk som hovudmål er for press og påverknad frå storsamfunnet. Ein av konklusjonane hennar er at det ikkje er opp til skulen åleine å halda liv i nynorsken.
– Den vitale nynorske skriftkulturen lever i lærebøkene, men er nærmast usynleg på alle andre arenaer der 13– 19-åringar møter språket, heiter det i pressemeldinga.

– Treng språkleg likestilling
Prosjektleiaren peikar på at eitt av hovudmåla i norsk språkpolitikk er å skapa meir reell likestilling mellom bokmål og nynorsk. Ho viser òg til at innleiinga til læreplanen i norsk legg vekt på at skulen skal arbeida for å gje elevane «språkleg sjølvtillit».
Men det er langt mellom liv og lære, meiner Kvale Garthus.
– Granskinga i Valdres viser at vilkåra for ein slik sjølvtillit er svært dårleg når bokmålet dominerer på dei fleste samfunnsområde, slår ho fast.

Etterlyser tiltak
Garthus meiner difor styresmaktene må sjå på både kva samfunnsstrukturar som må endrast,og kva skulen kan gjera for å at det skal bli enklare for elevane å halda på nynorsk som hovudmål.
Prosjektet peikar på fleire tiltak. Betre nynorsk undervisning og større vekt på å gje elevane språkleg sjølvtillit er to av tiltaka.
Prosjektet meiner også at nynorskelevar i større grad må få undervisning i nynorskklassar, slik at elevane opplever eit meir stabilt språkleg miljø.
Skulen må også motarbeida at elevane skiftar frå nynorsk til bokmål av taktiske grunnar, meiner prosjektet. I tillegg må nynorsk bli meir synleg i samfunnet, til dømes i riksdekkjande aviser, heiter det. (©NPK)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no