Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Heng dei ut

 (27.08.2012)

– Vi kan ikkje finne oss i at nynorskelevar ikkje får lærebøker på nynorsk, eller at skulen prøver å presse dei til å velje bokmål som hovudmål, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom. Han oppfordrar nynorskelevar til å gjere livet surt for skular og skuleleiarar som bryt elevane sine språklege rettar.

– Uakseptabel framferd overfor elevar må få konsekvensar. Lærarar og rektorar som turar fram utan å ta omsyn til nynorskelevane, får sleppe unna dersom ingen stiller dei til veggs, hengjer dei ut eller sladrar til sjefane deira. Det er det på høg tid å gjere, seier Sture.

Målungdommen har i samband med skulestarten i år lansert ein universalklageportal, der alle enkelt kan sende formell klage når dei vert utsette for språkleg diskriminering i skulen. Landsstyret i organisasjonen vedtok også ei fråsegn om saka under landsstyremøtet no i helga.

– Mange veit ikkje korleis dei kan klage, og som fersk tenåring på ny skule er det forståeleg nok ikkje så lett å konfrontere skuleleiinga. Difor har vi laga ein klageportal på nettet, slik at alle som vil klage, men ikkje veit korleis, kan klage via oss. Då tek vi saka vidare overfor leiinga ved skulen, med kopi til både skuleeigar og Språkrådet, forklarer Sture. Han meiner elevane i større grad vil få innfridd rettane sine dersom dei står på krava.

– Det er dumt at det skal vere slik. Retten til lærebøker på nynorsk skal gjelde også for dei som ikkje er så høglydte og opponerande. Men når ikkje dei vaksne klarer å ordne opp sjølv, så må vi hjelpe dei. Steg ein får vere å gjere det så pinleg for dei å bryte lova at dei sluttar med det, seier Sture, som trur dei omfattande lovbrota handlar om manglande vilje.

– Å oppfylle språklege rettar handlar heilt enkelt om å bruke hovudet litt. Når ein skule med både nynorsk- og bokmålselevar berre kjøper inn bokmålsbøker, er det ikkje fordi leiarane ved skulen er for dumme til å handle inn tilstrekkeleg mange nynorskeksemplar. Det er fordi dei ikkje bryr seg, og det må vi få dei til å gjere, avsluttar Sture.

Sjå innom klageportalen på nettsidene: http://malungdom.no/dugnad-mot-sprakleg-diskriminering/

Dette skriv media om kampanjen: NRK Sogn og Fjordane og avisa Firda.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no